Lotteritilsynet opnar for å søke om nye løyver til store pengespel. Løyva vil gjelde for 9 år med verknad frå 1. mars 2026. Årleg omsetningsgrense i 2025 er 410 millionar kroner. Omsetningsgrensa blir indeksregulert kvart år.

Søknadsfristen er 1. september 2025.  For å kunne søke må du kontakte Lotteritilsynet på storelotteri@lottstift.no. Du vil då få tilsendt ei godkjent søkelenke.

Kven kan søke?

Organisasjonar som er godkjende etter lov om pengespel og tilhøyrande pengespillforskrift, kan søke om løyve på følgjande vilkår: 

  • Organisasjonen må ha internasjonal aktivitet som utgjer minst 50 prosent av organisasjonens samla rekneskapsførte driftskostnadar i 2024.
  • Den internasjonale aktiviteten må utgjere minst 20 millionar kroner i rekneskapsførte driftskostnadar i 2024.
  • Berre sentralleddet i organisasjonen eller enkeltståande organisasjonar kan få løyve.  
  • Organisasjonen må ha fått tildelt førehandsgodkjenning før innsending av søknad.  
  • Fleire organisasjonar kan søke om å arrangere pengespel i fellesskap. Krava til organisasjonen må vere oppfylt for kvar enkelt organisasjon. Den til ein kvar tid gjeldande omsetningsgrensa vil vere den same, uavhengig av kor mange organisasjonar som saman søker løyvet. 

Andre vilkår

  • Minst 50 prosent av omsetninga i pengespelet, etter frådrag for premiar, skal gå til den eller dei organisasjonane som har fått løyvet. 
  • Hovudpremien kan ikkje ha større verdi enn 2 millionar kroner. 
  • Verdiane av premiane må utgjere minst 25 prosent av tillatt omsetning.  
  • Pengespel med interaktive trekningar distribuert via elektroniske kommunikasjonsnett kan ikkje få løyve. Dette gjeld for eksempel interaktive spel via SMS og internett. 
  • Marknadsføringa skal vere moderat og nødvendig i omfang. I vurderinga blir det lagt særleg vekt på kor stor andel av nettoinntektene som brukast til marknadsføring og kva slags marknadsføringskanalar som blir brukt. 

Risiko for speleproblem

Pengespelet må ikkje føre til problem i form av speleavhengigheit. Ein plan for førebygging av uheldig speleåtferd og ei vurdering av pengespelkonseptet med omsyn til speleavhengigheit skal ligge ved søknaden. Vurderinga av risiko for speleavhengigheit vil mellom anna bygge på:  

  • GAM-GARD, eit internasjonalt forskingsbasert verktøy der eigenskapar i spelet er med i vurderinga av risiko for at sårbare spelarar kan utvikle speleproblem. Eksempel på eigenskapar er frekvens på trekninga, distribusjon og betalingsmåte for innskot.  
  • Kva tiltak medhjelpar vil ta i bruk for å redusere risikoen, f.eks. ved å tilby verktøy der spelaren sjølv må sette eigne grenser for tap og tidsbruk. 
  • Forsking og anna tilgjengeleg informasjon frå behandlings- og hjelpeapparat som handlar om tilsvarande pengespel. 

Krav til medhjelpar

Søkar må knyte til seg ein medhjelpar.

  • Medhjelpar skal ha ansvar for å gjennomføre trekninga av pengespelet.
  • Medhjelparen må vere godkjend av Lotteritilsynet etter pengespelforskrifta § 40 før innsending av søknad.
  • Medhjelpar på ha tilfredsstillande sikkerheit for premiar, tilfredsstillande eigenkapital og framvise ei rein revisjonsmelding. Sjå utdjuping av krav her.  
  • Medhjelpar skal gjennom godkjenning frå eit autorisert testinstitutt i EØS-området kunne dokumentere at pengespelet er sikra mot misbruk og manipulasjon. Sjå lista over tekniske krav her (både på norsk og engelsk).

Eventuelle endringar i løpet av løyveperioden, som har betydning for oppfylling av vilkåra for løyvet, medfører godkjenning frå testinstitutt.  

Søknadshandsaming

Når søknadsfristen er ute vil Lotteritilsynet vurdere kva søknadar som tilfredsstiller vilkåra i forskrifta, og gjere eit vedtak for kvar enkelt søknad. Avgjerda kan klagast på innan tre veker etter at vedtaket er gjort. Dersom det kjem inn meir enn tre søknadar vil Lotteritilsynet tildele løyva ved loddtrekking. Dette skjer etter at eventuelle klager er ferdigbehandla. Resultatet av trekninga kan ikkje klagast på.

Ein organisasjon kan berre delta i loddtrekkinga med ein søknad, og berre få eitt løyve. Kvar enkelt pengespelkonsept kan berre delta med ein søknad.  

Gebyr

Søkar skal betale eit gebyr på 30 000 kroner for å få behandla søknaden. Gebyret blir ikkje refundert ved avslag på søknaden. Den som får løyve må betale eit årleg gebyr til Lotteritilsynet på 20 000 kroner per påbegynt år. Dersom fleire organisasjonar søker saman skal det berre betalast eitt gebyr. 

Krav og vedlegg til søknaden

  • Beskrivelse av det pengespelet det blir søkt om med budsjett og plan for marknadsføring. 
  • Formål med pengespelinntektene hos søkerorganisasjonen. 
  • Premieplan med oversikt over premiar, verdi og tal på premiar. 
  • Utkast til loddseddel/kvittering med informasjon til loddkjøpar. 
  • Kvittering for betalt saksbehandlingsgebyr på 30 000 kroner. 
  • Kopi av alle avtaler mellom søkarorganisasjon og medhjelpar som skal drifte pengespelet. 
  • Kopi av godkjend årsmelding og årsrekneskap for 2024 for organisasjon og medhjelpar. 
  • Kopi av revisjonsberetning for 2024 for medhjelpar. 
  • Dokumentasjon som er stadfesta av revisor på at internasjonal aktivitet utgjer minst 50 prosent av organisasjonen sine samla rekneskapsførte driftskostnad, og minst 20 millionar kroner årleg i rekneskapsførte driftskostnadar. Organisasjonane skal rapportere årleg på dei to krava.
  • Bankgaranti (må ligge føre til godkjenning før start av pengespelet). 
  • Ei vurdering av pengespelkonseptet med omsyn til speleavhengigheit og plan for førebygging av uheldig speleåtferd. 
  • Testresultat frå autorisert testinstitutt i EØS-området som viser at pengespelet er sikra mot misbruk og manipulasjon. 
  • Kopi av dokumentasjon som lagt fram for testinstituttet. 

Søknadsfrist 1. september 2025

Ved spørsmål kan du kontakte Lotteritilsynet på telefon 57 82 80 00 eller på e-post storelotteri@lottstift.no