Skal de arrangere eller motta overskot frå lotteri, bingo eller andre pengespel? Dersom samla bruttoomsetning er over 200 000 kroner per kalenderår, må de søke Lotteritilsynet om godkjenning.

Med slik godkjenning kan de søke om løyve til

Organisasjonar som søker om tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping, må også ha førehandsgodkjenning.

Er du usikker på om din organisasjon er godkjent? Du kan søke på godkjente organisasjonar i Pengespelregisteret.

Kva organisasjonar kan få godkjenning?

Organisasjonen må oppfylle desse vilkåra jf. pengespelforskrifta § 38:

  • Må vere registrert i Frivilligregisteret (kravet gjeld ikkje kyrkjelydane i Den norske kirke)
  • Må ha frivillig innsats som ein viktig del av verksemda
  • Dersom de søker som hobby- eller fritidsorganisasjon, må ein vesentleg del av aktiviteten vere retta mot barn og unge under 18 år

Organisasjonen kan ikkje bli godkjent om 

  • den berre er tilgjengeleg for ein lukka krets
  • den driv aktivitet som gir privatøkonomiske fordelar
  • verksemda er organisert av eller på vegne av det offentlege, og stat, kommune eller fylkeskommune kan påverke eller legge føringar på verksemda.
  • de fordelar midlar vidare til formål som ikkje samsvarar med organisasjonens verksemd

Gebyr for godkjenning er 2 000 kroner per organisasjon.

Krav til kringkastarar som søker godkjenning

For å søke om godkjenning må kringkastarar ha konsesjon etter kringkastingslova til å tilby lokalradio/lokalfjernsyn. Det er Medietilsynet som gir konsesjon.

Konsesjonen må vere tatt i bruk på søknadstidspunktet, og ha hatt aktivitet dei siste seks månadane.

Gebyr for godkjenning er 2 000 kroner per kringkastar.

Årleg rapportering av rekneskapsopplysningar

Godkjente organisasjonar og kringkastarar skal rapportere rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet innan 1. juni kvart år.

Godkjenninga kan trekkast tilbake om de ikkje sender inn rekneskapsrapport. Godkjenninga kan også trekkast tilbake dersom det er endringar som gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra.