I 2024 utbetaler vi 305,6 millionar kroner til idrettsanlegg. Her finn du nøkkeltal og utvikling over tid.

Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Les meir om momskompensasjon til idrettsanlegg her.

305,6 millionar kroner til idrettsanlegg i 2024

Vi fekk inn 600 søknader, med totalt søknadsbeløp på 327 millionar kroner. 567 søknader blei innvilga med eit samla godkjent søknadsbeløp på over 305,6 millionar kroner. Alle godkjente søknader får utbetalt full kompensasjon. Av 600 søknader vart 567 godkjent, 12 avslått, 1 avvist og 20 trekte søknaden.

Her kan du sjå oversikt over mottakarar og tildeling i 2024 (excel).

Utvikling i perioden 2010-2024

Ønsker du tal lenger tilbake i tid finn du dei her.