Gjennom denne ordninga kan kommunane søke om midlar på vegne av frivilligsentralane i sin kommune.

Tilskotet skal gå til drift av frivilligsentralar, og formålet med ordninga er å bidra til å skape gode og stabile rammevilkår for frivilligsentralane.

Søknadsfristen for søknader om tilskot til driftsåret 2025 var 3. juni 2024.

334 kommunar på vegne av 556 frivilligsentralar fekk godkjent søknad om tilskot til frivilligsentralar for driftsåret 2025.

I februar betalte vi ut 265 millionar kroner til kommunane, som vidarefordelte desse midlane til frivilligsentralane. Det vil seie at kvar frivilligsentral fekk 477 101 kroner i tilskot. Søk i tabellen under for å sjå kva frivilligsentralar som fekk tilskot.

På tilskudd.no kan du abonnere på e-postvarsel om denne tilskotsordninga.

Kva vilkår må frivilligsentralen oppfylle?

For å kunne ta imot tilskot via kommunen må frivilligsentralen

  • stimulere til frivillig innsats, vere opne møteplassar for befolkninga, samt vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Aktiviteten må vere tilpassa lokale føresetnader og behov.
  • vere eigd og drifta av anten ein kommune, ei verksemd i Frivilligregisteret, eit samvirkeføretak der alle medlemmer er kommunar og/eller verksemder i Frivilligregisteret, eller ein kombinasjon av dei nemnde.
  • ha eit rådgjevande organ som kan påverke drifta av frivilligsentralen, der frivilligheita er representert. 
  • ha eigen rekneskap og årsrapport. 
  • ha tilgang på fysiske lokale. 
  • ha minst eitt årsverk, som hovudregel éin person i 100 % stilling. 
  • ha lokal finansiering tilsvarande minst 40 % av dei totale driftsinntektene til frivilligsentralen. 
  • nytte ordet «frivilligsentral» eller likelydande i namnet på frivilligsentralen. 

Så langt det er praktisk mogleg blir frivilligsentralar oppmoda om å gjere lokala sine tilgjengelege for utlån til frivillige organisasjonar, når frivilligsentralen sine behov er dekka.

Nyoppretta sentralar bør vere i drift med utadretta verksemd i løpet av første kvartal av tilskotsåret. Dei bør også oppfylle kravet om å ha minst eitt årsverk i løpet av første kvartal av tilskotsåret.

Det vart gjort eit unntak for frivilligsentralar som er eigd og drifta av kyrkjelydar eller kyrkjelege fellesråd i Den Norske Kyrkja for tilskotsåret 2023 og 2024. Dette unntaket vert vidareført for tilskotsåret 2025. Det vil seie at slike frivilligsentralar skal kunne få tilskot via kommunen, sjølv om forskrifta sitt krav til eigarskap ikkje er oppfylt for desse.

Den økonomiske ramma for ordninga vert fastsett gjennom statsbudsjettet. Endeleg avklaring vert derfor først klar i løpet av desember.

Her kan de lese ein tolkingsuttale frå Kultur- og likestillingsdepartementet om kommunane si rolle i ordninga.

Rapportering om bruk av midlar

Rapportering for bruk av midlar i 2024 skal gjerast i søknadsskjemaet for driftsåret 2026. Fristen for å sende inn søknadsskjemaet er 2. juni 2025.

Kommunane må bekrefte om midlane har blitt overført til frivilligsentralane i tråd med vedtak frå 7. februar 2024, og om frivilligsentralane som har fått tilskot har oppfylt krava.

Kommunar som fekk tilskot for driftsåret 2024 og som ikkje skal søke for driftsåret 2026, må sende ei tilsvarande rapportering til postmottak@lottstift.no, seinast 2. juni. Ta med eventuelle merknadar til om sentralane oppfylte krava for tilskot.

Lotteri- og stiftelsestilsynet tok over forvaltninga av denne ordninga frå 2023. Tidlegare har ordninga lege under Kultur- og likestillingsdepartementet.

Forskrifta les du her.