Tilsyn med Norsk Tipping

Norsk Tippings spelaktivitet er regulert i pengespellova.

Kontroll

Lotteritilsynet skal føre kontroll med at Norsk Tipping gjennomfører alle sine spel i samsvar med gjeldande spelereglar. Kontrolloppgåvene er knytt til spelereglane og instruks frå Lotteritilsynet. Spelereglar for Norsk Tipping sine tradisjonelle spel omhandlar ein generell del og reglar for kvart enkelt spel. Norsk Tipping er pliktig til å følgje retningslinjer for marknadsføring av spel og reglar for distribusjon av spel gjennom elektroniske kanalar.

Når Norsk Tipping har forslag til nye spel eller endringar i spel og spelereglar skal Lotteritilsynet uttale seg om forslaga før søknad blir sendt til Kulturdepartementet. I uttalen vurderer vi om forslaget har risiko for problematisk speleåtferd, om det har følgjer for vår kontroll og om forslaget har andre følgjer på spelemarknaden generelt.

Tilsynsmetodikk

Tilsyn med Norsk Tipping blir i hovudsak gjennomført som revisjonar.  Målet med tilsynet er å slå fast om myndighetskrava blir fulgt og å foreslå endringar. I samband med tilsyn går vi gjennom interne styringsdokumenter, som informasjon om organisasjonen, mål, planar, prosedyrer og rutinar som verksemda har lagt opp til, og som utgjer ein del av verksemdas styringssystem/internkontroll.

Utgangspunktet er at Norsk Tipping sjølv har ansvaret for å oppfylle dei krava som er fastsett og at internkontroll er eit overordna styringssystem og eit verkemiddel til å ivareta dette ansvaret. Spesielt ser vi på avvikshandsaming, korrigerande tiltak, erfaringstilbakeføring, leiing, tilsettes medverknad og dokumentasjon.

Etter pengespellova §14 skal Lotteritilsynet fastsetje instruks for tilsynsverksemda.