Frå 1. juli 2024 er det eit krav at alle stiftelsar skal ha ordet stiftelse/stiftinga eller forkortinga STI i namnet. Det skjer som følgje av ei lovendring.

Det nye kravet kjem som følgje av lovendring i Prop. 41 L (2023-24, side 46-50) og gjeld både alminnelege stiftelsar og næringsdrivande stiftelsar. Stiftelsar som ikkje har stiftelse/stiftinga eller STI i namnet frå før, vil automatisk få forkortinga STI lengst bak i namnet til stiftelsen i Brønnøysundregistrene.

Dersom stiftelsen ikkje ønsker denne forkortinga til slutt i namnet, og derfor ønsker å endre det slik at ordet stiftelse/stiftinga går fram ein anna stad i namnet, kan styret vedta å endre dette. De treng då berre å sende inn styreprotokoll og nye vedtekter via samordna registermelding.

Om de har fått lagt til STI lengst bak i namnet og vil halde på denne forkortinga, kan de ta dette inn i vedtektene neste gong de skal søke om vedtektsendring.

Lovendringa tredde i kraft 1. juli 2024. De har no to år på å få dette på plass. Overgangsreglane seier at vedtektene må vere i samsvar med dei nye krava innan 1. juli 2026.