Stiftelsane jobbar godt med formålsrealisering

Stiftelsestilsynets tematilsyn 2021 viser så langt at mange stiftelsar jobbar godt med formålsrealisering. Ved å sette fokus på utvikling og formalisering av planar og strategiar, kan styra i norske stiftelsar forbetre formålsrealiseringa i stiftelsane.

Tematilsynet starta i vår, og per juli 2021 har vi sett konkret på 15 stiftelsar. Stiftelsane har hatt stor breidde i formål, som blant anna humanitært arbeid og arbeid for global retterferd, utdanning av barn og unge, friluftsliv, medisinsk forskning og kunnskap om sjukdom.

Nokre har behov for rettleiing

Dei aller fleste stiftelsane har ein framgangsmåte for formålsrealiseringa som er gjennomtenkt og diskutert i styret. Det blir lagt planar og styret vedtar utdelingar. Det kan høyrest enkelt ut, men det finnast fleire utfordringar ved dette. Styret må ta stilling til kor mange utdelingar dei skal ha, kor mykje dei skal dele ut, til kven og kva. Styret må også forvalte midlane og kommunisere med søkar/mottakar av midlane. Saman med habilitetsvurderingar og kontroll av kva midlane faktisk går til, er det fleire ting styret må passe på.

Nokre stiftelsar har hatt behov for rettleiing. Vi har gjennomført nokre videomøte og gjennom dette lært meir om stiftelsane. Vi ser at fleire mangler nedfelte rutiner for kontroll og strategidokument for formålsrealisering. I lys av dette har vi komme med nokre anbefalingar til korleis dei kan jobbe meir formalisert og strukturert med formålsrealisering. Også stiftelsar som ikkje har vore ein del av tilsynet, vil kunne ta med seg dette i sitt vidare arbeid med formålsrealisering.

Dette er anbefalingane til stiftelsane

Anbefalingane til stiftelsane etter første runde i tematilsynet er i hovudsak at:

  • Stiftelsen bør formalisere planen eller strategien for utdelingar eller anna formålsrealisering.
  • Stiftelsen bør formalisere utdelingane sine og eventuelle vilkår i eit avtaledokument med mottaker, som også sikrar kontroll og oppfølging av utdelingane.
  • Stiftelsen bør vurdere å bruke aktivitetsrekneskap eller rekneskapsstandarden «God regnskapsskikk for ideelle organisasjoner».

Stiftelsane kan styrke arbeidet med formålsrealiseringa gjennom å dokumentere, skriftleggjere og sette arbeidet meir i system – med andre ord profesjonalisere styrearbeidet.

Det er viktig at styret i denne diskusjonen sikrar at heile det vedtektsfesta formålet er vurdert, og at prioriteringa innanfor dette går tydeleg fram av planen. Ved å formalisere planen for formålsrealisering og å ha rutinar for kontroll, kan styret få betre oversikt over arbeidet. Då kan ein lettare fange opp utfordringar, og sikre at midlane går til formålet og at stiftelsen si interesse blir sett først. Ein strategi eller plan for formålsrealisering må bli tilpassa den enkelte stiftelsen, men den bør som eit minimum innehalde dei mest sentrale delane ved formålsrealiseringa. Det inneber:

  • Budsjett, økonomisk ramme og prioriteringar innanfor formålet.
  • Ei skildring av korleis søknadar eller prosjekt blir valt ut, og korleis det blir ført kontroll med utdelingar gjennom avtale eller anna oppfølgning eller rapportering.
  • Styret er stiftelsen sitt øvste organ og det skal komme tydelig fram at det er styret som vedtar utdelingar.

Har styret behov for eventuell tilleggskompetanse for å fatte beste beslutningar i stiftelsen si interesse, bør det og vere skildra og tydeleggjort at styret hentar inn relevant kompetanse på dei områda der det er behov for det. På den måten kan arbeidet bli meir oversiktleg og gå meir smidig.

Synleggjering av formålsrealisering

Vi opplever at det er ei aula interesse for samfunnsbidraga til stiftelsar. Stiftelsestilsynet får med jevne mellomrom henvendingar frå samfunn, media og andre som ønsker å vite kor mykje pengar stiftelsar deler ut. Dette spurte vi stiftelsane om i temaundersøkinga som vi gjorde i 2020.

Også for stiftelsane sjølv vil det vere ein fordel å enkelt formidle korleis ein bidreg for formålet. Det kan vere nyttig for dei som kan motta midlar, men også for samarbeidsaktørar og andre. Gjennom å vurdere bruk av rekneskapsstandarden «God regnskapsskikk for ideelle organisasjoner», kan styret vurdere om stiftelsen får synleggjort utdelingane sine og aktivitet i årsrekneskapet på ein bedre måte, og om utdelingene då kan bli lettere tilgjengeleg og synleg for omverda.

Etter sommeren vil vi halde fram tematilsynet, ved å ta kontakt med fleire stiftelsar for nye tematilsyn. Når tilsynet er avslutta vil vi lage ein samlerapport slik at informasjonen og erfaringane enkelt kan bli delt med stiftelsane og andre interessentar.