Stiftelsar er organisasjonar utan eigarar og medlemmar. Det er derfor oppretta kontrollsystem for stiftelsar i Noreg.
Stiftelsestilsynet er ein del av dette kontrollsystemet, og fører tilsyn med forvaltninga av stiftelsar. Samfunnsoppdraget er å skape tryggleik og tillit til stiftelsar som organisasjonsform gjennom legalitetskontroll og rettleiing.
Plikter og krav
Eit kontrolltiltak er at alle stiftelsar er pålagt rekneskapsplikt uansett storleik og aktivitet. Alle stiftelsar har også revisjonsplikt. Etter stiftelseslova har revisor fleire spesielle plikter, og skal uttale seg om korleis stiftelsen er forvalta og om utdelingar er i samsvar med lov, stiftelsens formål og vedtekter.
Revisor skal sende kopi av nummererte brev til Stiftelsestilsynet. Årsrekneskap og revisjon er derfor viktige verktøy i Stiftelsestilsynet sitt arbeid, og revisor er ei sentral kjelde til informasjon, både før og undervegs i våre kontrollar. Styret for stiftelsen er fullt ut ansvarleg for at stiftelsen blir driven etter vedtektene og i samsvar med gjeldande lover.
Formålsrealisering
Stiftelsestilsynet skal utføre legalitetskontroll med stiftelsar. Stiftelsane har eit stort ansvar og skjønn til å bestemme korleis ein ønskjer å realisere sitt formål.
Stiftelsestilsynet skal etter lova utføre ei rekke kontrollar i samband med endringar i stiftelsen. Dette gjeld mellom anna vedtektsendringar, samanslåingar og opphevingar.
Vi har også løpande tilsyn der vi kartlegg og følger med på stiftelsar. I tillegg kontrollerer vi enkelte stiftelsar gjennom våre tilsyn.
Les meir om tematilsyn 2021 om formålsrealsiering.
Tilsynsarbeid
Tilsyn er ein uavhengig, systematisk og dokumentert kontroll for å avklare om stiftelsane oppfyller vilkåra i stiftelseslova og eigne vedtekter. Der det ikkje ligg føre samsvar mellom handling og krav, skal tilsynet også vurdere om det bør reagerast.
Stiftelsestilsynet skal utføre tilsyn ut i frå ei risiko- og vesentlegheitsvurdering, og dette skal visast i prioriteringa av våre tilsyn. Tilsynsobjekt kan vere aktuelle stiftelsar som det er komme inn tips om. Eller det kan gjelde stiftelsar som tilhøyrer ein bransje eller har kjende risikoar ut i frå det samla kunnskapsgrunnlaget vi har på vårt fagområde.
Rettstryggleik, legitimitet og effektivitet er tre grunnleggande krav som ligg til grunn for alt tilsynsarbeid vi gjer. Målet vårt med alle tilsyn er å sikre god formålsrealisering for stiftelsane.
Vi fører tilsyn på litt ulike måtar. Dei fleste av sakene våre er baserte på innhenting av skriftleg dokumentasjon, men vi utfører også tilsyn hos stiftelsen. Verkemidla vi brukar mest er:
Enkelttilsyn
Enkelttilsyn er den mest brukte metoden vår. Dette er tilsynskontrollar med den enkelte stiftelse, ofte utført med bakgrunn i informasjon frå meldingar/tips eller anna offentleg tilgjengeleg informasjon. Alle tips og meldingar vert vurderte, og vi opprettar sak med stiftelsar der vi ser det er stor risiko for vesentleg misleghald. Dei mest alvorlege forholda vert følgt opp med enkelttilsyn, enten dokumentbasert eller ved møte med styret og tilsynsbesøk hos stiftelsen.
Tematilsyn
Tematilsyn er kontrollar som er basert på det totale kunnskapsgrunnlaget til Stiftelsestilsynet, spesielt erfaringsbasert praksis frå forvaltnings- og tilsynssaker. I tematilsyn vert det utført fleire enkelttilsyn med stiftelsar om same problemstilling eller temaområde. I tillegg til sjølve kontrollen er desse tilsyna også vesentlege for å få samla informasjon om problemstillinga. Vi utarbeider samlerapportar basert på informasjonen frå alle enkelttilsyna. Denne informasjonen gir oss betre kunnskap, slik at vi kan nytte erfaringane frå tematilsyna og gi god rettleiing til stiftelsane. Med bakgrunn i tematilsyna er det utarbeidd fleire temasider.
Systemtilsyn
Systemtilsyn er saker der vi følgjer opp definerte standardavvik avdekt gjennom vår områdeovervaking i eigne eller andre system og offentlege register, som til dømes Stiftelsesregisteret, Einingsregisteret, Føretaksregisteret og tal frå Kartverket. Funna er ofte brot på heilt konkrete krav. Døme på avvik kan vere manglande registrering av revisor eller levering av årsrekneskap.
Rettleiing
I alle våre tilsyn er rettleiing ein svært viktig del av tilsynet. Vi brukar rettleiing som førebyggande arbeid og gjev løpande munnleg og skriftleg rådgjeving i vår daglege kontakt med stiftelsane. Vi arbeider no med å gjere informasjonen lettare tilgjengeleg på våre nettsider, og tilbyr meir brukarvenlege verktøy og sjølvbetening. Stiftelsestilsynets styretest er eit eksempel på sjølvbetening som gir deg svar på om styret oppfyller dei mest sentrale krava til organisering av styrearbeid i stiftelsar.
Undersøkingar
For å auke og bygge kunnskapen om stiftelsar utøver vi også kartleggingar ved bruk av blant anna temaundersøkingar. Stiftelsar får då tilsendt spørjeskjema med høve til å svare på utvalde tema som det er behov for å skaffe meir kunnskap om. Informasjonen frå svara vert bearbeidd og publisert i temarapportar.
Den siste undersøkinga «Norske stiftelsar samfunnsbidrag» er frå 2020. I 2024 publiserte vi analysen «Stiftelsers betydning for sosial inkludering». Tidlegare temaraundersøkingar finn du her.
- Melding om tilsyn. Eit tilsyn startar med av vi sender melding om tilsyn til stiftelsen. Bakgrunn og temaområde for tilsynet går fram av meldinga.
- Innsending av opplysningar og dokumentasjon. I tilsynsbrevet ber vi styret om opplysningar og dokumentasjon som er relevant for å vurdere saka.
- Vurdering av samsvar. Når Stiftelsestilsynet har motteke dokumentasjonen skal vi vurdere om dei aktuelle forholda oppfyller krava i stiftelseslova og i vedtektene til stiftelsen. Dersom saka treng meir dokumentasjon eller opplysningar ber vi om dette.
- Møte. I nokre saker gjennomfører vi telefonmøte/videomøte eller kjem på tilsynsbesøk. I eit tilsynsbesøk vert det gjerne gjennomført felles eller enkeltvise samtaler og gjennomgang av dokumentasjonssystema hos stiftelsen.
- Brev eller rapport. Når tilsynssaka er ferdig behandla vil stiftelsen motta brev eller tilsynsrapport som viser funn og reaksjonar, og eventuell kva oppfølging som krevst. Er det aktuelt å fatte vedtak, blir dette varsla særskilt.
- Tilbakemeldingar. Stiftelsen får høve til å gi sine kommentarar før endeleg avslutning av saka. Det er klagerett på enkeltvedtak.
- Reaksjonar. Avvik kan følgjast opp med vedtak, dersom det er heimel for dette i stiftelseslova. Eventuelt vedtak kan klagast på.
- Avslutning. Når saka og funna er tilstrekkeleg følgt opp, vert tilsynet formelt avslutta.
Etter ei vurdering av stiftelsen sine prosessar og handlingar kan Stiftelsestilsynet finne at desse er i samsvar eller ikkje i samsvar med aktuelle krav til stiftelsen. Der det ligg føre funn vil dette kunne føre til reaksjonar. Reaksjonane i stiftelseslova er ikkje sanksjonar eller straff i den forstand at dei er meint å straffe brot på lova. Reaksjonane er administrative tiltak som blir sett i verk for å sikre forvaltninga av stiftelsen.
Reaksjonar kan vere:
- Rettleiing
- Kritikk og tilråding om forbetringsarbeid
- Vedtak, som til dømes styreavsetting, revisoravsetting, fremme erstatningskrav på vegner av stiftelsen, oppnemning av settestyre
- Styreavsetjing
- Avsetjing av revisor
- Fremje erstatningskrav på vegner av stiftelsen
- Oppnemning av settestyre
- Melding av moglege straffbare forhold
- Gransking