Tilsynsrapportar finn du ved å søke i eInnsyn. På denne sida finn du i tillegg oversikt over enkelte tilsyn som vi har omtala på vår nettside dei siste åra. Ein del av desse tilsyna har hatt stor medieinteresse.

For eldre dokument før 31. august 2020 søke i vår gamle postjournal.

Tematilsyn om nærståande transaksjonar

Tematilsynet har sett nærare på om det har vore transaksjonar mellom stiftelsen og nærståande som for eksempel styremedlem, dagleg leiar, opprettar eller nærståande av desse.

Tilsynsrapporten les du her.

Tilsynsrapport Stiftelsen Setesdal Folkehøgskule

Stiftelsestilsynet opna tilsyn etter tips frå media. Det var mistanke om uvanleg store styrehonorar i stiftelsen. Tilsynet har sett på styrehonoraras størrelse, rekneskapsføring, habilitet ved tildeling av oppdrag og styrets ansvar for å sørge for gode rutinar for internkontroll. Stiftelsestilsynet har retta kritikk mot Stiftelsen for tre forhold. Dette kan du lese meir om i tilsynsrapporten.

Tilsynsrapporten les du her.

Tematilsyn om formålsrealisering 2021

Stiftelsestilsynets tematilsyn 2021 handlar om formålsrealisering. Funna viser at mange stiftelsar jobbar godt med formålsrealisering, men nokon har også behov for rettleiing.

Les meir om tematilsynet.

Tilsynsrapporten les du her.

Tilsynsrapport Nordnorsk Kunstmuseum 2021

Våren 2019 blei direktøren for Nordnorsk Kunstmuseum løyst frå stillinga før åremålet var over. Dette førte til fleire mediesaker, og direktørskiftet blei kritisert. Det blei også stilt spørsmål ved korleis styret i stiftelsen gjennomførte styremøte og fatta vedtak. Mediesakene og fleire henvendelsar til Stiftelsestilsynet førte til tilsynet med stiftelsen.  

Hovudtemaet for tilsynet har vore om styret organiserer arbeidet sitt på ein slik måte at dei sikrar at stiftelsen blir forvalta forsvarleg. Stiftelsestilsynet meiner at styrebehandlinga i samband med at direktøren for museet vart skifta ut var hastig, men forsvarleg.

Les meir om tilsynet med Nordnorsk kunstmuseum.

Her kan du lese tilsynsrapporten frå 05.03.2021.

Tilsynsrapport – Stiftelsen Misjonen Jesus Leger 2019

Stiftelsen har ikkje hatt god nok styring og kontroll med at pengane dei samlar inn går til formålet, og private givarar har ikke fått god nok informasjon om kva dei gir pengar til. Det viser Stiftelsestilsynet sitt tilsyn med Misjonen Jesus Leger.

Les meir om tilsynet.

Tilsynsrapport frå 14.11.2019 les du her.

Tilsynsrapport – Stiftelsen Bergensklinikkene 2019

Stiftelsestilsynet har ikkje avdekka forhold som tyder på brot på forsvarleg forvaltning etter stiftelseslovas reglar.

Tilsynet vurderer at styrets forvaltning av formuen og realisering av formålet har vore forsvarleg og er i samsvar med stiftelseslovas krav.

Korleis ein stiftelse skal forvaltast ligg til styrets vurdering og skjønn, så sant dette er forsvarleg etter stiftelseslova og stiftelsens vedtekter. Hovudkonklusjonen i tilsynsrapporten med Stiftelsen Bergensklinikkene er at det ikkje er avdekka brot på stiftelseslovas krav om forsvarleg forvaltning.

Vi presiserer at Stiftelsestilsynets tilsyn gjeld krav og vilkår etter stiftelseslova. Fleire andre forhold i saka er regulert av andre lover under tilsyn av Arbeidstilsynet og Fylkesmannen.

Les meir om tilsynet med Stiftelsen Bergensklinikkene.

Tilsynsrapporten av 03.06.2019 les du her.

Tilsynsrapport – Stiftelsen Fyrlykta 2018

Stiftelsen sine beslutningsprosessar og dokumentasjon har ikkje vore god nok konkluderer Stiftelsestilsynet i sin tilsynsrapport.

Dette gjeld både for manglande styring og kontroll av stiftelsens prosessar og tenestekjøp. Det tidlegare styret er gått av og det nye styret har retta opp i desse forholda.

Les meir om tilsynet her.

Tilsynsrapporten frå 26.04.2018 les du her.

Vedtak om stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond omgjort i Stiftelsesklagenemnda 2018

Stiftelsen Romanifolket/taternes kulturfond og tre avsette styremedlemmer klaga den 28. april 2017 på vedtak gjort av Stiftelsestilsynet den 10. april 2017. Stiftelsesklagenemnda har no avgjort klagen.

Klagenemda gir klagar delvis medhald og gjer om Stiftelsestilsynets vedtak.

Les Stiftelsesklagenemndas vedtak av 02.11. 2018.

Tilsynsrapport – Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond 2017

Det var stor offentleg interesse rundt tilsynet. Både før og under tilsynet fekk Stiftelsestilsynet mange skriftelege og munnlege meldingar om kritiske forhold i stiftelsen. Stiftelsen var også vore omtala i media ved ei rekke høve.

Tilsynsrapporten frå 13.02.17 les du her.