I 2022 omsette bingo med medhjelpar for 5,01 milliardar kroner, mot 3,63 milliardar kroner i 2021.  Tala frå 2022 viser høgare omsetning enn i 2019, som er det siste året utan innverknad frå pandemien. 

Første halvår 2023

I Excel-arket under finn du oversikt over bingostatistikk for første halvår 2023.

Last ned oversikt over bingo med medhjelpar og utbetaling til organisasjonar for første halvår 2023 (Excel).

Dei neste avsnitta gjeld årsstatistikk for 2022. Når årsstatistikken for heile 2023 er klar vil vi oppdatere sida med 2023-tal.

To typar bingo i Norge
  • bingo med medhjelpar – medhjelparen står for drifta av bingoen og overskotet går til lag og foreiningar
  • bingo utan medhjelpar – lag og foreiningar driftar bingoen sjølv, inkludert radio/TV-bingo

Les meir om bingo med og utan medhjelpar.

Nøkkeltal for bingo med medhjelpar (entreprenør) i 2022

Dette er arrangement der profesjonelle medhjelparar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar.

Oversikta er basert på tal frå bingorekneskap frå 233 bingohallar.

Type spel Brutto
omsetning
Gevinst Gevinst
prosent
Netto
omsetning
Til formål* – av netto
omsetning
Totalt bingo 5 0164 06281,0 %9532464,9 %
Hovudspel 1 24391973,9 %32457,9
Sidespel 3 7733 14383,3 %629188,8
Belago2 2552 10593,4 %14944,8
* I denne tabellen er utbetalt til formål frå hovudspel og sidespel oppgitt før fråtrekk av gebyr for bingoløyve.

I excel-arket nedanfor finn de meir detaljerte tal om tabellen, oversikt over utbetaling til alle lag og organisasjonar og rekneskapstal fordelt på bingoentreprenørar og bingohaller i 2022.

Last ned nøkkeltal for entreprenørbingo i 2022.

Bingo med medhjelpar omsette for 5,01 milliardar kroner i 2022. Av det kom 1,24 milliardar frå hovudspel, og 3,77 milliardar kroner frå sidespel. Dette er betydeleg høgare enn i 2021, og ein ser at omsetnaden har auka både når det gjeld hovudspel, databingo og Belago. Om ein går tilbake til 2019, som var siste år før pandemien, var omsetnaden på entreprenørbingo 4,6 milliardar kroner.  

Det vart overført 240 millionar kroner til 3121 organisasjonar. Dette er etter fråtrekk av gebyr for bingoløyve. 3026 organisasjonar fekk til saman utbetalt 44,8 millionar kroner frå Belago.  

Talet på bingohallar er stabilt.

Omsetninga for hovudspel i lokale er på 858 millionar kroner i 2022. I tillegg til hovudspel, kan bingohallane tilby databingo  i same lokale. Databingo er berre lovleg i bingohallane og medhjelpar kan ikkje tilby dette på internett.  

Det er framleis ei lita auke i omsetning på hovudspel på internett. Auka er likevel mindre enn då bingohallane var stengt på grunn av covid-19-restriksjonar. Lotteritilsynet trur at auka kjem av at folk er vande med å spele bingo på internett. I tillegg har det vore ei auke i talet på hallar som tilbyr nettspel. 

I fjor omsette databingo for 3,77 milliardar kroner.

Radio/tv-bingo

Total omsetnad for radio/tv-bingo er 83,4 millionar for 2022 fordelt på 55 kringkastarar.  

Det blei gjeve 76 løyve til radio/tv-bingo. 10 kringkastarar har meldt at dei ikkje har gjennomført bingo i 2022, og følgande har heller ikkje levert inn bingorekneskap. 1 kringkastar har ikkje levert inn bingorekneskap og har derfor blitt sletta som godkjent kringkastar.  

Omsetningstala er derfor basert på 65 innleverte bingorekneskap. 

Last ned tal frå radio/tv-bingo i 2022.

Bingo utan medhjelpar (foreiningsbingo) i 2022

Det blei gitt 117 løyve til bingo utan medhjelpar i 2022. Dette var fordelt på 128 foreiningar. Det vil seie at fleire organisasjonar arrangerer bingo utan medhjelpar i lag/pott.

12 løyve vart ikkje tatt i bruk. 7 Løyve har ikkje levert inn bingorekneskap, og har dermed fått sletta sine godkjenningar grunna manglande innlevering av rekneskap for pengespel.

112 organisasjonar har mottatt overskot frå bingo utan medhjelpar. 16 organisasjonar har ikkje hatt inntekter frå bingo utan medhjelpar. Dette kjem enten av at dei ikkje arrangerte bingo likevel, eller at bingodrifta ikkje genererte overskot.

Last ned omsetningstal og oversikt for utbetalingar til formål nedanfor:
Last ned tal frå bingo utan medhjelpar – omsetningstal og oversikt over utbetaling til formål

Nøkkeltal over tid entreprenørbingo

Profesjonelle aktørar driv bingo i eigne lokale og overfører overskotet frå spelet til lag og organisasjonar. Oversikt over godkjente formål finn du i Lotteriregisteret.

Belago er namnet på Norsk Tipping sine bingo-terminaler som står utplassert i bingohallar. Utplassering av desse starta hausten 2011. Overskotet frå Belago-terminalene går til dei same formåla som resten av overskotet frå bingoen.
Hovudspel er det eigentlege bingospelet, mens databingo og papirbingo samla blir omtalt som sidespel.

Utvikling bingo utan medhjelpar/foreiningsbingo

Dette er arrangement der lag og foreiningar (formål) sjølv står for gjennomføringa av spelet. Dei fleste slike bingoar er omtala som foreiningsbingo eller bygdebingo. I tillegg er også bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn medrekna her.

For meir detaljert oversikt over bingostatistikk tilbake i tid, sjå årsstatistikk frå norske lotteri og pengespel.