1. oktober 2024 lanserte Brønnøysundregistera eit nytt register for reelle rettshavarar. I denne rettleiinga ønsker vi å hjelpe stiftelsar med å forstå om de må registrere reelle rettshavarar, kven som skal registrerast og korleis de skal gå fram.
1. Kva stiftelsar må registrere seg? Berre holdingstiftelsar
Som hovudregel treng ikkje stiftelsar å registrere seg i registeret for reelle rettshavarar, ifølge lova og tilhøyrande forskrifter. Det er berre holdingstiftelsar som må registrere sine reelle rettshavarar i Brønnøysundregistera.
Alle næringsdrivande stiftelsar skal vere registrerte i Føretaksregisteret, men det går ikkje fram av Føretaksregisteret om ein stiftelse er rekna som ein holdingstiftelse eller anna type næringsdrivande stiftelse.
Om stiftelsen fell inn under definisjonen av holdingstiftelse, er skildra i stiftelseslova § 4 andre ledd bokstav c og tredje ledd.
Stiftelsen må vurdere om den har bestemmande innflytelse over næringsverksemd utanfor stiftelsen, anten gjennom avtalar, eigarskap av aksjar eller selskapsdelar. Dersom stiftelsen har fleirtal av aksjar eller stemmer i eit selskap, har den bestemmande innflytelse. Det same gjeld dersom stiftelsen kan velje eller avsette fleirtalet av styremedlemmene i selskapet.
2. Kven skal registrerast?
Følgande personar i holdingstiftelsar skal registrerast som reelle rettshavarar i registeret:
- Styremedlemmer og dagleg leiar. Opplysningar går fram av Einingsregisteret.
- Personar som kan oppnemne eit fleirtal av styremedlemmane i stiftelsen. Opplysningar går fram av vedtektene.
- Personar som har gitt grunnkapital til stiftelsen. Opplysningar kan finnast i stiftelsesdokumentet eller eventuelle historiske dokument.
- Personar med særrettar etter stiftelseslova § 9 første ledd bokstav d. Opplysningar vil i tilfelle gå fram av stiftelsesdokumentet.
- Personar som er oppgitt som mottakarar i vedtektene. Opplysningar går fram av vedtektene.
Dersom nokre av punkta ovanfor gjeld ein juridisk person, som til dømes eit aksjeselskap eller ei foreining, er det dei reelle rettshavarane i den juridiske personen som skal registrerast som reelle rettshavarar også i stiftelsen.
Styret må vurdere reelle rettshavarar
Styret har ansvar for å avklare kven som er stiftelsen sine reelle rettshavarar. Ved uklarheiter må styret gjere nødvendige undersøkingar. Styret må bruke relevante kjelder og gjere ei forsvarleg vurdering. Ved slike avklaringar gjeld vanlege tolkingsreglar. Les meir om dei her.
Spørsmålet om reelle rettshavarar er ei styresak og og styret sine vurderingar og avgjerder skal dokumenterast i styreprotokollen.
3. Registrer rettshavarane hos Brønnøysundregistera
De må registrere opplysningane hos Brønnøysundregistrene i «Register for reelle rettighetshavere» i Altinn. Sjå meir informasjon om tidsfristar hos Brønnøysundregistrene.
Opplysningsplikt for alle stiftelsar
Også i andre samanhengar kan lover krevje opplysningar om reelle rettshavarar, og dette kan gjelde alle stiftelsar. Mest relevant no er kvitvaskingslova.
Etter kvitvaskingslova må finansinstitusjonar, som bankar og revisorar, identifisere reelle rettshavarar hos kundane sine. Kundane vil då kunne vere stiftelsar, som har lån eller konto i bank til dømes. Det inneber at institusjonar med rapporteringsplikt må innhente opplysningar om reelle rettshavarar for alle stiftelsar som er kundar, ikkje berre holdingsstilftelsar.
Alle stiftelsar må vere førebudde på å skaffe oversikt over eigne reelle rettshavarar, slik at dei kan gi frå seg desse opplysningane ved førespurnadar frå andre rapporteringspliktige.
Meir informasjon
Hos Brønnøysundregistera kan du lese meir.
Her ligg også deira utvida rettleiar.