Fleire utanlandske spelselskap informerer sine kundar om at du kan spele på selskapa som før, utan fare for at gevinst ikkje blir utbetalt til din konto. Dette skjer etter at Lotteritilsynet har sendt vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap. Lotteritilsynet minner om at du alltid tar ein risiko ved å spele hos spelselskap som ikkje har løyve i Norge.

Norske myndigheiter oppmodar alle som spelar på utanlandske nettspel om å vere forsiktige. Utanlandske spelselskap har ikkje lov til å tilby sine spel til nordmenn. Vi fører difor ikkje kontroll med utanlandske pengespelselskap, og vi kontrollerer heller ikkje om spelarar får utbetalt gevinstane sine. Vi kan dessutan ikkje gå god for at spela dei tilbyr er forsvarlege pengespel.

Forbod mot å formidle betaling

Lotteritilsynet har sendt vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap på nett. Norske bankar og andre finansinstitusjonar har ikkje lov til å formidle pengar til utanlandske pengespelaktørar. Forbodet gjeld både innskot og utbetaling av gevinst. Målet med tiltaket er å ramme utanlandske spelselskap og redusere tilbodet deira.

Ei av våre viktigaste oppgåver er å beskytte dei som har speleproblem og dei som er i risikogruppa for å utvikle uheldig speleåtferd. Skal vi stoppe utanlandske pengespel si verksemd i Norge er ein del av det langsiktige arbeidet å stoppe transaksjonar frå desse selskapa.

Dette arbeidet stoppar ikkje med vedtaket vi sendte ut i slutten av mars, vi held fram arbeidet fortløpande. Dette kan føre til at dei som spelar på utanlandske pengespelselskap, kan oppleve problem med å få utbetalt gevinstane sine.

Les meir om betalingformidlingsforbodet.