For fjerde år på rad delte vi ut heile det godkjende søknadsbeløpet, fordelt på over 24 000 mottakarar. Det godkjende søknadsbeløpet på 2,7 milliardar er rekordhøgt.
På lista over mottakarar er det over 1300 nye søkarar og underledd, som ikkje har fått midlar gjennom denne ordninga tidlegare.
Vi har ein eigen app der du kan finne oversikt over mottakarar og tildelt søknadsbeløp for momskompensasjon på varer og tenester i 2024. I appen kan du søke på enkeltorganisasjon eller finne fylkes- og kommuneoversikt. Du kan også sjå fordeling av momskompensasjon fordelt på ulike kategoriar. I tillegg kan du sjå korleis midlane til ulike sentralledd fordelar seg geografisk.
Du kan også sjå tildelingane på tilskudd.no.
Utvikling over tid
I diagramma under ser du beløp som er betalt ut til organisasjonane dei siste åra og tal organisasjonar som har mottatt momskompensasjon.
Tildelingar tilbake i tid finn du på sida opne data.
Om momskompensasjon på varer og tenester
Momskompensasjonsordninga skal fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.