Lotteritilsynet har meldt Lyoness til politiet

Meldinga er sendt 1. oktober 2019, og vi ber om etterforsking av straffbare forhold knytt til lotterilovas § 16 om ulovleg pyramideliknande omsettingssystem.

Det er Lyoness si verksemd i Noreg som er meldt. Lotteritilsynet har tidlegare informert om dette til Lyoness (Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS og Lyconet International AG) ved deira norske advokatar.

Påtalemakta i politiet avgjer eventuell vidare oppfølging av meldinga. Lotteritilsynet presiserer at det no er opp til påtalemakta å vurdere om det skal reisast tiltale for det meldte forholdet.

Bakgrunnen for at vi har meldt Lyoness til politiet er at Lotterinemnda sitt vedtak av 27. januar 2019 stadfesta Lotteritilsynets vedtak med pålegg om stans av Lyoness si verksemd i Norge. Lotterinemnda konkluderte med at verksemda i Lyoness utgjer eitt omsetningssystem, der Lyconet og Cashback World inngår som delar i systemet. Nemnda konkluderte med at heile Lyoness si verksemd blir råka av forbodet i lotterilova § 16 andre ledd som eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem.

Den 24. mai 2019 avslo Oslo byfogdembete Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG sin forespurnad om å få halde fram verksemda fram til eit eventuelt søksmål, her kan du lese kjennelsen. Kjennelsen er rettskraftig.

Lotteritilsynet ser behov for å informere om at vi har meldt Lyoness til politiet på grunn av at veldig mange nordmenn er eller har vore involvert i eller berørt av verksemda, og at vi fortsatt jamleg mottar spørsmål om verksemda.