Lotteritilsynet melde Lyoness til politiet 1. oktober 2019. No har politiet lagt vekk meldinga på grunn av manglande kapasitet til å behandle saka.
Meldinga av Lyoness 1. oktober 2019 gjaldt Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS og Lyconet International AG for å drive ulovlig pyramideverksemd i Noreg.
-Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem. At politiet har lagt vekk saka endrar ikkje Lotteritilsynet, Lotterinemnda og Oslo byfogdembetes avgjersler om at Lyoness må stanse all verksemd i Noreg, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådggjevar og jurist i Lotteritilsynet.
Åtvarar mot Lyoness
Lotteritilsynet åtvarar mot Lyoness. Dette er ei ulovleg pyramideverksemd der mesteparten av inntektene kjem frå verving av deltakarar. Deltakarane blir oppfordra til å investere i verksemda med lovnad om å tene mykjee pengar på kort tid, men risikerer å tape pengane. Svært mange mennesker har blitt lurt av Lyoness og vi oppfordrar alle om å halde seg unna.
Sparepengar har gått tapt
Verksemda til Lyoness har påført mange menneske og deira familiar økonomiske og sosiale problem. I løpet av få år har 175 000 nordmenn latt seg verve til Lyoness. Minst 15 000 av desse har til samman betalt minst 500 millionar kroner til Lyoness utan å få nokon varer eller tenester tilbake med tilsvarande verdi. Mange har gjort dette etter å ha fått uriktig informasjon om at dette er ein sparing eller investering som vil gi ei avkastning ti ganger det innbetale om få år.
Den ulovlege verksemda til Lyoness har ramma både ressurssterke folk og sårbare grupper. Fleire har brukt opp sparepengane sine og tatt opp lån.
Mange føler seg lurt av Lyoness
I 2018 fatta Lotteritilsynet vedtak om at myWorld Norway AS (tidligare Lyoness Norway AS) og Lyoness Europe AG umiddelbart måtte stanse all verksemd i Noreg.
Lyoness klaga på vedtaket, men klaga blei ikkje tatt til følgje av Lotterinemnda, som er klageinstans.
Lyoness har også hatt fleire runder der dei har krevd å få halde fram verksemda i Noreg fram til eit eventuelt søksmål, noko som er avvist av Oslo byfogdembete.
I oktober 2019 melde Lotteritilsynet Lyoness til politiet.
-Verksemda til Lyoness inneberet grovt brot på lotterilova. Mange føler seg lurt av Lyoness, og sakens alvor og omfang gjer at vi meiner det var riktig å melde selskapet til politiet, seier Alisøy Kjelsnes.
Krav om å få pengane tilbake må rettast mot selskapet
Lotteritilsynet har mottatt mange spørsmål frå personar som har tapt pengar på Lyoness. Lotteritilsynet kan ikkje pålegge Lyoness å betale tilbake pengane.
-Dei som ønskjer pengane tilbake må fremje krav mot selskapet, er rådet frå Alisøy Kjelsnes.
Lotteritilsynet kan klage på at politiet har lagt meldinga vekk.