– Dommen bekreftar at Lotteri- og stiftelsestilsynets vedtak om å stanse det ulovlege speltilbodet var riktig. No forventar vi at selskapet trekker seg heilt ut av den norske marknaden, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Borgarting lagmannsrett avsa 1. juni dom i ankesaka mot staten. Spelselskapet Trannel, som står bak spelsidene Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo, tapte på alle punkt.

– Vi er godt fornøgde med dommen frå lagmannsretten. Den viser at store internasjonale spelselskap må halde seg til norsk lov og slutte å tilby ulovlege pengespel retta mot norske spelarar. At Trannel ikkje får medhald på eit einaste punkt viser at jobben vi gjer for å få ulovlege selskap ut av den norske markanden er solid og godt forankra.

Borgarting lagmannsrett gir staten fullt medhald og forkastar Trannels anke. Selskapet må også betale sakskostnader til staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet.

– Lagmannsretten har bekrefta at den norske einerettsmodellen er i samsvar med EØS-retten. Resultatet er ikkje akkurat overraskande, då dette søksmålet føyer seg inn i rekka av fleire andre søksmål på pengespelfeltet der staten har fått fullt medhald kvar gong, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Bakgrunnen for rundane i rettssystemet er Lotteritilsynets vedtak av 5. april 2019, der vi ga pålegg om stans av ulovleg pengespeltilbod i Noreg frå spelsidene Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo.

Les heile dommen her.

Klageinstansane har ikkje tatt Trannels klage på tvangsmulkta til følge

I september i fjor traff Lotteritilsynet vedtak om å gi Trannel tvangsmulkt på 1,2 millionar kroner per dag, fram til Trannel hadde stansa det ulovlege pengespeltilbodet i Noreg.

Lotteritilsynet gav i desember 2022 utsett iverksetting på tvangsmulktvedtaket, fram til klageinstansane Kultur- og likestillingsdepartementet og Lotterinemnda hadde behandla klagen.

Verken Kultur- og likestillingsdepartementet eller Lotterinemnda har tatt klagen til følgje.

Dette har skjedd

Trannel International Limited er eigd av Kindred Group, som er eit av verdas største pengespelselskap. Trannel er registrert på Malta og sender grensekryssande reklame og pengespeltenester i EØS frå Malta, til blant anna norske kundar. Verken Trannel eller morselskapet, Kindred Group, har løyve til å tilby pengespel i Norge.

  • Lotteritilsynet sendte ut vedtak med pålegg om stans av dei ulovlege speltilboda den 5. april 2019. Trannel klaga på vedtaket. Mens vi venta på klageinstansane si behandling av saka tok Trannel gyldigheita av vedtaket inn for Oslo tingrett.
  • 7. januar 2020 og 12. mars 2020: Klageinstansane, Kultur- og likestillingsdepartementet og Lotterinemnda, fatta vedtak om at klagen ikkje førte fram
  • 11. februar 2022 sendte Lotteritilsynet varsel om tvangsmulkt til Trannel.
  • Dom i Oslo tingrett 20. juni 2022 slo fast at Lotteritilsynets vedtak om pålegg av stans er gyldig.
  • Trannel anka Oslo tingrett sin dom 2. september 2022.
  • Lotteritilsynet bestemte 14. september 2022 å treffe vedtak om tvangsmulkt.
  • Trannel klaga på vedtaket om tvangsmulkt. Verken Lotterinemnda eller Kultur- og likestillingsdepartementet tok Trannels klage til følgje.
  • Borgarting lagmannsrett forkasta Trannels anke 1. juni 2023.