Trannel, som står bak spelsidene Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo, får ei tvangsmulkt på nær 437 millionar kroner i løpet av eit år om dei ikkje stansar speltilbodet sitt i Norge.

Lotteritilsynet gir ei tvangsmulkt på 1,198 millionar kroner dagleg, dersom det ulovlege speltilbodet ikkje stansar. Dagmulkta sluttar når det totale beløpet er kome opp i Trannels årlege bruttoforteneste, som Lotteritilsynet har estimert til rundt 437 millionar kroner. Statens innkrevingssentral vil kreve inn dagmulkta.

Les vedtaket her.

– Når eit spelselskap som driv ulovleg i Norge kan tene 437 millionar kroner på sin ulovlege aktivitet i løp av eit år, skuldar vi det norske folk og dei som slit med speleproblem å gjere det vi kan for å stanse den ulovlege verksemda, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Henrik Nordal.

Bilde av avdelingsdirektør Henrik Nordal.
Avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet

Ulovleg speltilbod

Trannel, som er eit dotterselskap av Kindred Group, har ikkje løyve av norske styresmakter til å tilby pengespel i Norge. Likevel tilbyr dei fleire spel til nordmenn kvar dag, blant anna via nettsidene til Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo.

– Undersøkingar viser at seks av ti nordmenn ikkje veit at Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo er ulovlege pengespel i Norge. Du kan tape mykje meir penger på desse spela, enn kva du kan gjere på tilsvarande lovlege spel i Norge. Eit av våre viktigaste samfunnsoppdrag er å beskytte dei som har problem med pengespel eller som står i risikosona for å utvikle eit speleproblem. Vi forventar at Trannel tar samfunnsansvar og trekk seg ut av den norske marknaden, seier Nordal.

Tvangsmulkta vil starte tre veker etter at vedtaket er fatta, og vil gjelde fram til Trannel stansar det ulovlege speltilbodet, eller til maksimalt beløp er nådd.

Dom i Oslo tingrett

Oslo tingrett slo fast den 20. juni 2022 at Lotteritilsynets vedtak med pålegg om stans av det ulovlege speltilbodet er gyldig. Tidlegare har Kultur- og likestillingsdepartementet og Klagenemnda slått fast det same. Trannel tilbyr framleis dei ulovlege pengespela til Unibet, MariaCasino, Storspiller og Bingo med fleire i Norge.

– Det er utfordrande å utøve myndigheit mot aktørar som nektar å innrette seg etter norsk lov, men vi får stadig fleire verktøy som vi tar i bruk for å stanse dei ulovlege pengespelselskapa. Betalingsformidlingsforbodet og reklameforbodet på TV er viktige verktøy som har hatt god effekt. No strammar vi til ytterlegare ved å kreve inn tvangsmulkt, seier Nordal.

Fakta om saka

Trannel International Limited er eigd av Kindred Group, som er eit av verdas største pengespelselskap. Trannel er registrert på Malta og sender grensekryssande reklame og tenester i EØS frå Malta, til blant anna norske kundar. Verken Trannel eller morselskapet Kindred Group har løyve til å tilby pengespel i Norge.

  • Lotteritilsynet sendte ut vedtak med pålegg om stans av dei ulovlege speltilboda den 5. april 2019. Trannel klaga på vedtaket. Mens vi venta på klageinstansane si behandling av saka tok Trannel gyldigheita av vedtaket inn for Oslo tingrett.
  • Den 7. januar 2020 og 12. mars 2020: Klageinstansane, Kultur- og likestillingsdepartementet og Lotterinemnda, fatta vedtak om at klagen ikkje førte fram, og at Lotteritilsynet sitt vedtak er gyldig. Lotteritilsynet, Lotterinemnda og Kultur- og likestillingsdepartementet har alle behandla og avslått Trannel sitt spørsmål om utsett iverksetting av vedtaket mens dei venta på domstolsbehandling. 12. mars 2020 gjekk Trannel sin frist for å rette seg etter Lotteritilsynets vedtak ut.
  • Den 11. februar 2022 sendte Lotteritilsynet varsel om tvangsmulkt til Trannel.
  • Trannel har sendt to brev til Lotteritilsynet med kommentarar til førehandsvarselet om tvangsmulkt, men har i desse ikkje kome med innvendingar som får betydning for Lotteritilsynet si vurdering av forholdet, verken når det gjeld om tvangsmulkt skal ileggast eller om størrelsen på tvangsmulkta.
  • Spørsmålet om Lotteritilsynets vedtaks gyldigheit blei behandla av Oslo tingrett i månadsskiftet mai/juni 2022, og dom vart avsagt 20. juni 2022. Oslo tingrett kom fram til at Lotteritilsynets vedtak om pålegg av stans er gyldig.
  • Trannel anka Oslo tingrett sin dom 2. september 2022.
  • Lotteritilsynet har 14. september 2022 bestemt å iverksette vedtaket om tvangsmulkt som tidlegare er varsla.

Klageinstansane og Oslo tingrett har kome fram til at Lotteritilsynets vedtak med pålegg om stans av 5. april 2019 er gyldig, men Trannel har endå ikkje retta seg etter pålegget. For å sikre at vedtaket blir gjennomført har Lotteritilsynet med heimel i lotterilova § 14 c og pengespellova § 15, jf. forvaltningslova § 16 fatta vedtak om tvangsmulkt.

Read this article in English: The Norwegian Gambling Authority gives Unibet owners a fine of NOK 1.2 million per day.