I desse dagar får mange stiftelsar tilsendt ei spørjeundersøking frå Menon Economics, på oppdrag frå oss.

Sosial inkludering og førebygging av utanforskap er viktig både for enkeltmennesket og samfunnet vårt. Vi veit at fleire norske stiftelsar bidrar til eit meir inkluderande samfunn, men til no har vi ikkje hatt eit heilskapleg bilde av dette.

– Vi vil få meir innsikt i korleis stiftelsar gir enkeltmenneske og grupper, som elles kunne risikert ei form for utanforskap, større moglegheiter til å delta i samfunnet. Det kan vere knytt til arbeid, skule, aktivitetar eller liknande. Som tilsyn jobbar vi mykje med kontroll, men ein viktig del av jobben vår er også å auke kunnskapen om korleis norske stiftelsar bidrar i samfunnet, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Undersøkinga vil også omfatte stiftelsar sine bidrag innanfor innovasjon og utvikling, som supplement til offentlege tenester og betydninga for velferdssamfunnet.

– Generelt er det lite kunnskap i samfunnet om korleis stiftelsar bidrar, og vi ønsker at dette skal vere ein del av samfunnsdebatten.

2600 stiftelsar får undersøkinga

Menon Economics har no sendt ei spørjeundersøking til eit utval stiftelsar, som stiftelsane kan velje om dei vil svare på.

– Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg svarer, og at dei som blir spurt ønsker å bidra til at vi får eit heilskapleg bilde av korleis stiftelsane bidrar på dette området, seier Heggedal Longvastøl.

Den ferdige rapporten blir publisert her på nettsidene våre i løpet av våren 2024, og skal vere tema på Stiftelseskonferansen i april.