Vi har gleda av å invitere til Stiftelseskonferansen 24. – 25. april på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. Årets tema er «Stiftelsar i samtida – rigga for framtida»?

Dette skal vi sjå på frå ulike vinklar gjennom to dagar.  

Første del av programmet onsdag 24. april sendte vi direkte på nett. Her kan du sjå opptaket.

Konferansen byr på det fagleg påfyll, inspirasjon, læring og ikkje minst gode moglegheiter for å knyte til seg nye kontaktar. 

Difor legg vi inn gode pausar i programmet, samt uformelt treff kvelden før kvelden og ein hyggeleg festmiddag onsdag kveld.  

Foto: Jostein Vedvik

Dette får du høyre meir om

Vi skal sjå på kva rolle stiftelsar har i dagens samfunn. Og ikkje minst, kva rolle kan stiftelsar ta i framtida? Korleis rigge seg for å møte samfunnets krav og forventningar framover? Dette ser vi på gjennom eit variert program. 

Kva betyr stiftelsar for sosial inkludering i Norge? Og kan stiftelsar ha ei rolle i utviklinga av velferdsstaten?

På oppdrag frå Stiftelsestilsynet har Menon undersøkt betydninga til stiftelsane for førebygging av utanforskap. På konferansen får du presentert dei rykande ferske resultata.  

Beste praksis for styrearbeid eller samspel og partnarskap

På deler av første konferansedag set vi opp to parallelle sesjonar du kan velje mellom. 

I sesjon A blir styrearbeid og god praksis sett på agendaen. Korleis jobbe for å utvikle god praksis for styrearbeidet? Her kjem vi blant anna inn på det brennaktuelle temaet habilitet.

Dessutan ser vi på revisor si rolle frå ulike vinklar, når vi ser på verdien av å bli sett i korta. I tillegg til Stiftelsestilsynet vil blant anna Stiftelsesforeningen, Sparebankforeningen og Finanstilsynet bidra. 

Stiftelseskonferansen gjekk av stabelen i Sunnfjordsalen. Foto: Jostein Vedvik

Sesjon B går av stabelen samtidig. Her ser vi nærare på samspel og partnarskap.

Korleis kan samspel løyse dei store samfunnsutfordringane? Kva moglegheiter og utfordringar ligg i stiftelsar og det å vere eigd av formålet? Her kan du lære frå andre gjennom praktiske eksempel frå ulike stiftelsar. 

Desse kjem

Vi får besøk av ei rekke gode føredragshaldarar og bidragsytarar som: 

  • Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap), statssekretær for Kultur- og likestillingsministeren
  • Kjersti Løken Stavrum, Stiftelsen Tinius 
  • Ole Jacob Sunde, Stiftelsen Tinius og Formue
  • Johan Andresen, Ferd 
  • Jan-Ole Hesselberg, Stiftelsen DAM
  • Jørn-Henning Theis, Stiftelsen Diakonova Haraldsplass 
  • Ingrid Riddervold Lorange, Gjensidigestiftelsen
  • Susanne Kaluza, Stiftelsen Litteraturhuset og Stiftelsen Ingrid Aunes Minnefond
  • Andre Støylen, Sparebankstiftelsen DNB
  • Kirsti Mathiesen Hjemdahl, Cultiva 
  • Ellen Berg Instefjord, Sparebankstiftelsen SR-Bank
  • Kjetil Sælen, Prosperastiftelsen 
  • Elisabeth Kjerstad Bøe, Terravera Foundation
  • Eirik Mofoss, Gi Effektivt
  • Bjørn O. Øiulfstad, Stiftelsesforeningen 
  • Therese Riiser, Sparebankforeningen
  • Kristin Vitsø Bjørnstad, Sparebankstiftelsen Hedmark
  • Olav Rune Øverland, Industrifinans kapitalforvaltning
  • Sølvi Lien, Førdefestivalen
  • Unni-Renate Moe, Deloitte
  • Kjersti Elvestad, Finanstilsynet
  • Knut Olav Åmås, Fritt Ord
  • Robin Dale Oen, Dale Oen Experience
  • Simen Pedersen, Menon Economics

Bildet viser Førde sentrum og elva Jølstra i kveldslys.
Velkommen til Førde i april. Her frå elva Jølstra som går gjennom sentrum av byen.

Slik kjem du deg hit

Konferansen blir i Førde, der Stiftelsestilsynet held til. Vestlandsbyen ligg i Sunnfjord – berre ein time unna Oslo med fly.  

Frå Førde lufthamn tar det ca. 20 minutt å køyre til sentrum. Konferansehotellet Scandic Sunnfjord Hotel ligg vegg i vegg med busstasjonen. Og i Førde er det så enkelt som at flybussen går frå flyplassen når alle passasjerane har komme ut. Då går den rett til hotellet.  

Når du skal heim går flybussen akkurat ein time før flyavgang. Logistikken er med andre ord enkel!  

Du kan også fly til og frå Florø lufthamn. Det tar ca. 55 minutt å køyre frå Florø til Førde. NB! Frå 1. april opnar Widerøe ny rute mellom Trondheim og Florø.

Køyretid frå Bergen til Førde er ca. 3 timar og 20 minutt.  

Du må sjølv bestille reisa til konferansen. 

Overnatting

Vi har reservert rom på konferansehotellet Scandic Sunnfjord Hotel & Spa og på Thon Partner Hotel Førde. Thon-hotellet ligg like over elva, og det tar i underkant av 10 minutt å gå mellom hotella.  

Du må booke innan 24. mars for å bruke bookingkodane som gir redusert pris. Førstemann til mølla gjeld for reservasjonane ved begge hotella.

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa:  

Avtalt pris for standard enkeltrom, med frukost inkludert, er kr 1350.  Dersom du ønsker oppgradering til dobbeltrom blir prisen kr 1650 per rom.  Bruk bookingkode BSTI240424.

Slik bookar du: 

  • Gå inn på http://scandichotels.no/ 
  • Skriv inn Scandic Sunnfjord under «Hvor ønsker du å bo» 
  • Skriv inn ønska dato for overnatting 
  • Skriv inn BSTI240424 under feltet som heiter «bookingkode, bonus cheque eller bonusnatt» 
  • Fullfør bookinga ved å legge inn personalia, kortnummer osv. som garanti 

Thon Partner Hotel Førde: 

Avtalt pris for enkeltrom, med frukost inkludert, er kr 972. 

På grunn av teknisk trøbbel må alle som skal bestille rom her anten sende epost til forde@olavthon.no eller ringe 57 82 81 10.