Her får du oversikt over kva som skjer på konferansen 24.-25. april. Frist for påmelding måndag 8. april.

Tysdag 23. april

Kvelden før konferansestart inviterer vi til uformelt bli kjent-treff på Sogn og Fjordane kunstmuseum frå klokka 19.30 til 21.30. 

Onsdag 24. april

09-10 Registrering og kaffi

10-13 Hovudscena, Sunnfjordsalen

Opning v/ statssekretær Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap), Kultur- og likestillingsdepartementet

Bilde av avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl
Stiftelsar si betydning for sosial inkludering i Norge – ny rapport

Stiftelsestilsynet har gjennomført ei undersøking for å skaffe kunnskap om korleis stiftelsar bidrar i arbeidet mot denne samfunnsfloken. Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, og Simen Pedersen i Menon Economics presenterer undersøkinga.

Her får vi også høyre Robin Dale Oen frå Dale Oen Experience om korleis stiftelsen jobbar med sosial inkludering.

Slik kan stiftelsar ha ei rolle i å utvikle velferdsstaten

Panelsamtale med utgangspunkt i funna i rapporten frå Menon Economics. Terje Gilleshammer, kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, er ordstyrar. Desse deltar:

  • Erlend Kaldestad Hanstveit, statssekretær (Ap), Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Johan H. Andresen, Ferd
  • Robin Dale Oen, Dale Oen Experience
  • Ellen Berg Instefjord, Sparebankstiftelsen SR-Bank
  • Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør Stiftelsestilsynet
Johan H. Andresen. Foto: Oda Hveem
Ferd og stiftelsar – ansvar og samarbeid

Johan H. Andresen er styreleiar for Ferd AS, som han eig med sine to døtrer. Ferd er eit av dei største privateigde industrielle og finansielle konserna i Noreg, med røter tilbake til 1849.

I desember offentleggjorde Andresen at han vil opprette ein stiftelse som etter kvart skal ta over kontrollen i Ferd. Når Andresen kjem til Førde får vi høyre meir om dette.

Med røter i fortida – rigga for framtida

Her blir det innlegg frå Kjersti Løken Stavrum i Stiftelsen Tinius og Jørn-Henning Theis i Stiftelsen Haraldsplass Diakonova. Begge representerer stiftelsar som har tatt grep for å sikre og styrke stiftelsens formålsrealisering i framtida.

  • Å ta en for laget, Kjersti Løken Stavrum
  • Historiens dype hjulspor – en kraft til innovasjon og utvikling? Jørn-Henning Theis

13-14 Lunsj

14.00-17.00 Parallellsesjonar

Sesjon A: Styrearbeid og god praksis, Sunnfjordsalen

Korleis utvikle god praksis?  
  • Erfaringar frå tematilsyn om nærståande transaksjonar – kva bør stiftelsane ha på plass? Merete Tollefsen, Stiftelsestilsynet 
  • Hvordan ta gode beslutninger i styrerommet, Jan-Ole Hesselberg, Stiftelsen DAM 
  • Del hvordan kapitalen forvaltes, så får stiftelsen mer midler til formålet – om økt åpenhet på veien til best mulig langsiktig avkastning, Olav Rune Øverland, Industrifinans Kapitalforvaltning 
  • Fremtidsrettet utvikling med gamle penger – om kunnskapsbasert gavetildeling, å ha orden i sysakene og verdien av åpenhet, Kristin Vitsø Bjørnstad, Sparebankstiftelsen Hedmark 
Å bli sett i korta – har det ein verdi?  
  • Revisors – og regnskapsførers – rolle, Kjersti Elvestad, Finanstilsynet 
  • Revisor – samfunnets tillitsperson, Unni-Renate Moe, Deloitte  
  • Hva er god ledelse av en stiftelse i 2024? Bjørn Øiulfstad, Stiftelsesforeningen og Therese Riiser, Sparebankforeningen  

Sesjon B: Samspel og partnarskap, Amfi Eikås

Samspel for å løyse dei store samfunnsutfordringane: Lær av andre – praktiske eksempel og verktøy

Her ser vi nærare på korleis samspel og partnerskap kan gi meirverdi og korleis omsette gode intensjonar til å fungere i praksis.  

  • Er samarbeid egentlig viktig? Ingrid Riddervold Lorange, Gjensidigestiftelsen
  • Samhandling gjennom kompetansebasert frivillighet, Kjetil Sælen, Prosperastiftelsen  
  • Sammen skaper vi verdier, Ellen Instefjord, Sparebankstiftelsen SR-Bank
  • 1+1=4?, Kirsti Mathiesen Hjemdahl, Cultiva
  • Sju råd for å bygge gode partnerskap, Øystein Garfors, NOREC  
  • Samspel og partnerskap – korleis halde på og utvikle sin eigenart, Sølvi Lien, Førdefestivalen  

19-22 Festmiddag i Sunnfjordsalen med kulturelt innslag

Torsdag 25. april

08.30-12.00 Hovudscena, Sunnfjordsalen

Kva roller kan stiftelsar spele i framtida?

I denne bolken får vi innlegg som belyser ulike måtar stiftelsar kan bidra i samfunnet. Mellom anna for næringsutvikling, for frivilligheita og for digitalisering av mediebransjen.

Her får vi innlegg frå:

  • Stiftelse i sanntid, André Støylen, Amediastiftelsen  
  • Er stiftelser et verktøy for næringsutvikling? Ole Jakob Sunde, Stiftelsen Tinius  
  • Hvor stopper stiftelsens ansvar? Eirik Mofoss, Gi Effektivt 
  • Kompetansebasert frivillighet, hva betyr det i praksis? Kjetil Sælen, Prosperastiftelsen 
Eigd av formålet – eit konkurransefortrinn

Elisabeth Kjerstad Bøe frå Terrevera Foundation held innlegget Berekraftsdata – kven bør eige og forvalte den?

Deretter blir det panelsamtale leia av Kirsti Mathisen Hjemdahl som er dagleg leiar i Cultiva og styreleiar i Stiftelsesforeningen. Desse deltar i samtalen:

  • Ole Jakob Sunde, Stiftelsen Tinius
  • Elisabeth Kjerstad Bøe, Terravera Foundation
  • Kristin Vitsø Bjørnstad, Sparebankstiftelsen Hedmark
  • Knut Olav Åmås, Fritt Ord
Kvifor og korleis kommunisere som stiftelse?

Susanne Kaluza er dagleg leiar for Stiftelsen Litteraturhuset. Ho er utdanna frå Journalisthøyskolen i Oslo og har mellom anna jobba som journalist i Dagbladet Magasinet, redaktør i Egmont og som rådgivar innan samfunnsansvar i næringslivet. Ved sidan av jobben har Kaluza fleire styreverv. Ho er blant anna medgrunnleggar og styremedlem i Stiftelsen Ingrid Aunes Minnefond.

Kaluza er siste talar på konferansen. Med sin breie kommunikasjonsbakgrunn deler ho sine beste råd for korleis du kan få til mykje med lite. Her blir det garantert konkrete tips og triks å ta med seg heim, både for store og små stiftelsar.

12-13 Lunsj og vel heim