Norsk Rikstoto

Norsk Rikstoto har konsesjon til å tilby totalisatorspel i Norge. Totalisatorspel er det same som pengespel ved veddeløp. Spelarane satsar pengar på ein eller fleire hestar, og ei datamaskin (totalisator) reknar ut odds på grunnlag av kor stor del av totalinnsatsen som er satsa på kvar hest. Norsk Rikstoto betaler ei årleg totalisatoravgift til staten på 3,3 prosent av totalomsetningen.

Stiftelsen Norsk Rikstoto driv ulike totalisatorspel på 11 norske travbaner og Øvrevoll Galoppbane. Det er berre Norsk Rikstoto som har lov å tilby totalisatorspel i Norge.

Norsk Rikstoto skal legge til rette for at mest mogeleg av inntektene frå spelet kan gå til å fremje norsk hestesport, hesteavl og hestehald.

Forskrift om totalisatorspill skal sikre at totalisatorspelet føregår i trygge former under offentleg kontroll, med sikte på å forebygge negative konsekvensar av spelet. Lotteritilsynet fører tilsyn med totalisatorverksemda.

Tilsyn med Norsk Rikstoto

Lotteritilsynet har delt tilsynsverksemda inn i fire hovudområde.

  • Ansvarleg speltilbod
  • Formidling og marknadsføring
  • Kvitvasking
  • Spel og spelproduksjon

Norsk Rikstoto har ansvar for at speltilbodet er ansvarleg. Dei skal ha tiltak for å forebygge, oppdage og reagere mot uheldig speleåtferd, som obligatoriske grenser for spelebeløp, ekskludering frå spel, spelpauser, utestenging og totalgrense for spel/tap.

Formidling omfattar om sal og betaling med meir av Norsk Rikstoto sine spel gjennom elektroniske kanalar, internett, mobil, kommisjonærar og totalisatorbaner. Marknadsføring gjeld annonser, film, bannere, kommisjonærmaterial, TV- og radioreklame med meir av Norsk Rikstoto sine spel og profilering av verksemda.

Kvitvasking skjer når nokon prøver å få pengar som kjem frå ulovleg aktivitet til å sjå ut som dei kjem frå lovleg aktivitet, eller for eksempel av manipulering av resultat.

Spel og spelproduksjon omfattar om alle spel som Norsk Rikstoto tilbyr og reglar knytt til dei ulike spela, som for eksempel innsats, gevinst, premie og spelkvittering.  Klage og protesthandsaming, og andre spørsmål knytt til spela ligg også til dette området.

Regelverk knytt til området

Les om tilsynsmetodikken vår.

Tilsynsrapportar i PDF

2019:

2018:

2017:

2016:

2015:

2014:

2013: