Norsk Tippings spelaktivitet er regulert i pengespellova. Slik fører vi tilsyn og kontroll med verksemda.

Lotteritilsynet skal føre kontroll med at Norsk Tipping gjennomfører alle sine spel i samsvar med pengespellova og pengespelforskriften .

Norsk Tipping fastset sine eigne spelereglar. Selskapet skal varsle Lotteritilsynet når dei gjer endringar i desse. Lotteritilsynet kan da kontrollere om desse er i samsvar med pengespellova med tilhøyrande forskrift.

Dersom Norsk Tipping skal gjere vesentlege endringar i sine spel, skal endringa godkjennast av Lotteritilsynet, jf. pengespelforskrifta § 22.

Ansvarligheits og kanaliseringsrapportar finn du på sida rapportar og publikasjonar.

Klage på Norsk Tipping

Dersom du ikkje får medhald i ein klage som er sendt til Norsk Tipping, kan du sende saka til mekling hos Forbrukertilsynet. Meir info om klagesaksgangen finn du på Forbrukertilsynet sin nettside.