Speleavhengigheit er den negative sida ved pengespel. Sjølv om pengespel for nordmenn flest er både underhaldande og hyggjeleg, viser undersøkingar at mange tusen nordmenn mistar kontrollen og utviklar store problem.

Speleavhengigheit er når du ikkje lenger har kontroll over spelinga di. Spelinga dominerer livet – både tankar, kjensler og åtferd.

Fakta om speleproblem

Utbreiinga av speleproblem i den norske befolkninga er stabil. Det syner dei siste befolkningsundersøkingane Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag av Lotteritilsynet. Hovudfunna i den siste rapporten «Omfang av penge- og dataspelproblemer i Norge 2015»  er at

• 0.9 prosent av nordmenn mellom 16 og 74 år er problemspelarar
• 2.3 prosent er moderat risikospelarar
• 7.7 prosent er lågrisikospelarar
• 89 prosent er ikkje problemspelarar

Ofte blir det vist til at det er 3,2 prosent moderate risiko- og problemspelarar i Norge. Dette utgjer 122 000 personar. I tillegg kjem familiane til dei som er råka, slik at det er ganske mange som kjem i berøring med dei negative sidene ved speling.

I vårt publikasonsarkiv finn du fleire forskingsrapportar om speleproblem.

Kva pengespel er problematiske?

Det er fleire faktorar som gjer at ein type spel kan vere meir problematiske for sårbare spelarar. Men den viktigaste einskildfaktoren er kor hurtig spelet er – kor lang tid det går frå spelaren har satsa eit beløp, gjennomført spelet, sett utfallet, og kan satse på nytt. I eit kasinospel, på internett eller i eit spellokale, kan alt dette skje på berre tre sekund. Kor lenge ein spelar kan halde på utan pause, og om det går an å spele på kreditt er også faktorar som dreg risikoen opp.

Oddsspel som føregår live har også vist seg å vere problematiske. Dei siste åra har det blitt mogleg å setje pengar på ei rekkje hendingar i løpet av til dømes ein fotballkamp. Før tippa ein sluttresultat, no kan du  spele på neste scoring, neste kast, kva lag som får gult kort først og så vidare. Det betyr at spelaren kan setje pengar på eit nytt veddemål med ein gong han har tapt eller vunne det førre. Med andre ord er desse spela blitt hurtigare.

I motsett ende av skalaen finn vi talspel som Lotto og Joker med lang tid mellom innsats og trekninga av spelet. Det går an å satse store summar på slike spel, men det viser seg likevel at det sjeldan er desse spela som fører til problematisk speleåtferd. Det ser vi mellom anna av statistikk frå Hjelpelinja, som fungerer som ein temperaturmålar på den norske spelemarknaden. Her går det fram at nettbaserte kasinospel er den spelkategorien flest spelarar har problem med. Deretter kjem liveodds, odds, poker og bingo.

Ansvarlegheitsverkty

Fordi nokre spel har større risiko for speleproblem enn andre spel, har styresmaktene avgjort at desse spela ikkje skal tilbydast i Norge utan at spelaren brukar bestemte verkty for å redusere risikoen i spelet. Desse ansvarlegheitsverktya er

• obligatorisk å setje grenser for kor mykje ein aksepterer å kunne tape,
• obligatorisk å setje tidsgrenser for kor lenge ein vil spele
• obligatorisk å ta ein pause når ein har spelt ein time samanhengande.

For mange spel som blir vurdert til å ha høg risiko, gjer desse verktøya at risikoen blir redusert til middels. I tillegg har Norsk Tipping, som er det einaste selskapet som har løyve til å tilby dei hurtige spela på den norske marknaden, innført ei maksimal tapsgrense på 20 000 kroner i månaden for å redusere skadeverknadane for dei som har vanskar med å kontrollere spelinga si.

Utsette grupper

Nokre grupper er meir utsette for å få problem med pengespel enn andre. Det viser befolkningsundersøkinga til Universitetet i Bergen:

• Menn har meir enn tre gongar større sannsynlegheit for å vere i risikosona enn kvinner. Særleg er unge menn utsette.
• Samstundes er det å vere fødd i Afrika, Asia eller Sør- og Mellom- Amerika ein risikofaktor. Dei har fire gongar større risiko for å vere moderat risikospelar eller problemspelar samanlikna med dei som er fødde i Norge.
• I tillegg er dei som har låg utdanning meir utsette enn dei med universitets- eller høgskuleutdanning.

Samla viser analysene til UIB at det er tradisjonelt svake grupper i samfunnet som utgjer risikogruppene med tanke på vanskar med pengespel.