Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å marknadsføre pengespel på nett i Norge. Ingen utanlandske pengespelselskap har lov til å reklamere for sine pengespel i Norge.  

Kva er ulovleg marknadsføring av pengespel

All aktivitet som er med på å fremje omsetninga av utanlandske pengespel er å rekne som ulovleg marknadsføring. Dette omfattar til dømes:

  • Annonser og anna reklame for utanlandske spelselskap i aviser, magasin, radio og TV
  • Annonser og anna reklame for utanlandske spelselskap på nettsider, bloggar og i sosiale medier
  • Stadionreklame og reklame på drakter og boards i Norge
  • All omtale som oppfordrar til å besøke utanlandske speleselskap sine nettsider
  • Lenker frå nettside til utanlandske speleselskap og/eller kasinoportaler

Det er også forbode å formidle pengespel som ikkje har løyve. Dette forbodet gjeld all aktivitet som er retta mot å distribuere pengespel. Dette omfattar bruk av kommisjonærar, agentar, distributørar og andre mellommenn som bringer pengespelet ut til spelarane, til dømes gjennom lenker og såkalla affiliates-avtalar – det vil seie vervesider, lenkefilial eller lenkerepresentant.

Redaksjonell omtale

Forbodet mot marknadsføring er avgrensa av andre lover og prinsipp. Redaksjonell omtale av pengespel er verna av Grunnloven § 100 om ytringsfridom. Slik medieomtale av pengespel i aviser, vekeblad, tidsskrift og på internett fell difor utanfor forbodet i pengespellovgjevinga. Det er likevel ein føresetnad at slik omtale ikkje er resultat av eit initiativ frå spelselskapet. Medieomtale kan heller ikkje vere betalt av dei som tilbyr pengespela.

Massiv vekst i marknadsføringa

Dei siste åra har vi sett ein massiv vekst i den ulovlege marknadsføringa på TV frå dei utanlandske pengespelselskapa i Norge. Samstundes har bruken av bloggarar og kjendisambassadørar skote fart, og vi veit at selskapa nyttar persondata for å nå fram til kvar enkelt brukar i digitale media. Den utanlandske pengespillbransjen er mellom dei aller største kjøparane av PR- og reklame i Norge.

I september 2017 sendte vi ut informasjonsbrev til kjente personar, der vi informerer om det norske regelverket.

Kvifor ser du reklame for utanlandske pengespel i Norge

Sjølv om Lotteritilsynet har intensivert tilsynet med den ulovlege pengespelmarknaden  i Norge, er omfanget av ulovlege pengespel framleis stort. Det er fleire grunnar til dette:

  • Dei utanlandske pengespelselskapa og deira norske samarbeidspartnarar, nektar å følge det norske regelverket.
  • Lotteritilsynet har avgrensa mynde til å stanse tilbodet og marknadsføringa av pengespel som blir retta mot Norge frå utlandet, sjølv om dette er ulovleg etter norske reglar.
  • Reklamen blir vist på TV-kanalar som sender frå utlandet og det er ikkje rettsleg avklart kva land sine reglar som gjeld.
  • Dei utanlandske pengespelselskapa og deira samarbeidspartnarar oppgir å drive anna næring enn pengespel. Slik omgår dei finansinstitusjonane og mediabransjen sine tekniske blokkeringar, som er sett for å stenge ute desse selskapa.
  • Lotteritilsynet gjennomfører tilsyn etter ei risikovurdering, og dette inneber at vi ikkje reagerer mot alle ulovlege forhold vi oppdagar.

Konsekvensar av marknadsføringa

Lovforbodet mot marknadsføring av utanlandske pengespel i Norge er til for å beskytte dei 122 000 som er speleavhengige, eller står i fare for å bli det. Norsk Tipping må forholde seg til strenge krav til ansvarligheit når dei utviklar og marknadsfører sine pengespel på nett, medan dei utanlandske pengespelselskapa legg til rette for å spele bort store summar på kort tid. Kvart år spelar nordmenn vekk rundt 1,5 milliardar kroner hos desse selskapa. Dette er pengar mange ikkje har råd til å tape. I 2015 var rundt halvparten av dei som spelte nettkasino hos utanlandske spelselskap risiko og problemspelarar.

Vi har laga ein rettleiar for deg som har fått eller kan få ein henvendelse frå eit utanlandsk pengespelselskap.

Tips oss gjerne om du kjenner til ulovleg pengespelreklame.