Fleire klaga, men Medietilsynet opprettheld vedtak om å stanse pengespelreklame på tv.

– Denne reklamen er ei av årsakene til at det er mange med speleproblem i Noreg, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Tidlegare i år påla Medietilsynet tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente å stoppe marknadsføringa av Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe på Discovery sine kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge. Telia har klaga på sjølve vedtaket, og Altibox på tidspunktet for når pengespelreklamen må stoppast.

Medietilsynet har behandla klagene, og konkluderte med at dei opprettheld vedtaka om at reklamen må stoppast. Då går saka vidare til Medieklagenemnda. Begge distributørane som klaga har også bedt om at vedtaka ikkje skulle setjast i verk før klagene er ferdig behandla av Medieklagenemnda eller i domstolane, men dette har Medietilsynet avslått.

– Sjølv om partane har eit legitimt behov for å få prøvd gyldigheita av vedtaka og forholdet til EØS-retten, har vi vurdert at omsynet til problemspelarane må vege tyngre, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Tv-reklamen er ei av årsakene til at mange får problem

Å få stoppa den ulovlege marknadsføringa av pengespel på tv vil ha fleire positive effektar.

– Det vil førebygge speleproblem, og omsynet til dei speleavhengige må vege tyngst. Problemspeling er eit folkehelseproblem, og estimat viser at det kostar samfunnet over fem milliardar kroner i året, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør for pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Auka reklameeksponering, mellom anna denne tv-reklamen, er peika på som ei av årsakene til at det er mange med speleproblem i Noreg. Det viser den siste befolkningsundersøkinga Universitetet i Bergen gjorde på oppdrag frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Det store omfanget av reklame for dei utanlandske spelselskapa er med på å oppretthalde eit ulovleg tilbod av pengespel i Noreg. For det første har ikkje desse selskapa lov å verken tilby eller marknadsføre spel i Noreg, men dei tilbyr også spel med høg risiko for speleproblem, seier Nordal.

6 av 10 veit ikkje

6 av 10 nordmenn veit ikkje eller er usikre på kva pengespel som er tillatne og ikkje i Noreg. Det betyr også at mange ikkje veit om risikoen som ligg i å spele hos desse selskapa.

– Utan pengespelreklame på tv blir det vanskelegare for dei ulovlege spelselskapa å rekruttere norske spelarar. Det er ikkje rart at mange nordmenn trur at desse selskapa er lovlege når dei ser tv-reklamane deira, seier Nordal.

Distributørane risikerer tvangsmulkt dersom dei ikkje rettar seg etter Medietilsynet sine vedtak innan 15. august i år.