Alle endringar av vedtekter i stiftelsar må godkjennast av Stiftelsestilsynet før dei er gyldige.

Endring av vedtekter blir rekna som ei omdanning av stiftelsen, og det er reglane i stiftelseslova kapittel 6 som gjeld.

Både vesentlege endringar og mindre vesentlege endringar blir rekna som omdanning. Det kan for eksempel gjelde endring av formålet, jf. stiftelseslova § 46 første ledd, og mindre vesentlege endringar jf. stiftelsesloven § 46 andre ledd, for eksempel endring av ei formulering.

Sjå våre hjelpeskjema/malar for nødvendige vedlegg til søknad om vedtektsendring.

Søk om vedtektsendring (via Altinn)

Dersom du ikkje tilgang til Altinn, kan du framleis sende søknad til postmottak@lottstift.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Har du fortsatt spørsmål?  Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.