Her finn du nærare informasjon om kva din stiftelse må gjere ut frå kva rolle Overformynderiet har hatt i din stiftelse.

Ein eller fleire av Overformynderiets medlemmar er styremedlemmar i stiftelsen

  • Heile det sittande styret, også styremedlemmer som tidlegare har hatt eit verv i Overformynderiet, må gjere eit styrevedtak om korleis slike styremedlemmar skal veljast i framtida.
  • Dersom ikkje vedtektene skulle påpeike noko anna, er det i utgangspunktet ingen ting i vegen for at styremedlemmet som har sin bakgrunn fra Overformynderiet, sit ut si ordinære tenestetid i stiftelsens styre.

Overformynderiet, eller nokon av deira medlemmar, veljer eller oppnemner styre

  • Heile det sittande styret, også styremedlemmet som tidligare har hatt eit verv i Overformynderiet, eller er oppnemt av overformynderiet, må fatte eit styrevedtak om korleis dette skal løysast i framtida.

Overformynderiet skal forvalte stiftelsens midlar

  • Styret må gjere vedtak om korleis midlane skal forvaltast i framtida. Det kan vere eit anna kommunalt organ er villig til å ta på seg dette, eller at Fylkesmannen seier seg villig til å overta rolla. Styret skal gjere det sjølv eller oppgåva må settast vekk til ein profesjonell forvaltar.
  • Det som er viktig å ha med i vurderinga er vilkåra i stiftelseslova § 18 om størst mogleg avkastning til lågast mogleg risiko. Det vil seie ei vurdering av korleis midlane kan forvaltast mest mogleg sikkert til størst mogleg avkastning. Moment i vurderinga vil vere om styret sjølv meiner å ha kompetanse til å foreta forvaltningen, eller kor store formuesverdier stiftelsen eig.
  • Stiftelsestilsynet anbefaler at forvalters namn ikkje blir tatt inn i vedtektene. Dette fordi stiftelsane til ei kvar tid pliktar å vurdere om andre forvaltningsmåtar er betre enn dagens. Søknaden til Stiftelsestilsynet vil i slike tilfelle gå ut på å fjerne heile vedtektsbestemmelsen om at Overformynderiet skal forvalte midlane. Ein kort presentasjon av styrets vurderinger rundt framtidige plasseringer bør likevel leggast ved søknaden.

Overformynderiet er stiftelsens forretningsførar eller kontaktperson

  • Styret må fatte vedtak om kven som no skal fungere som stiftelsens forretningsførar eller kontaktperson. Det kan vere eit anna kommunalt organ som er villig til å ta på seg denne rolla eller at styret sjølv skal ha rolla.
  • Momenter i vurderinga av om stiftelsen treng ein ekstern forretningsførar eller kontaktperson, vil vere om styret sjølv meiner å ha den kompetansen som trengs, kor stor aktivitet stiftelsen har eller om stiftelsen eig store verdiar.
  • Stiftelsestilsynets anbefaling er at namn på forretningsførar eller kontaktperson ikkje blir tatt inn i vedtektene. Dette fordi stiftelsane til ei kvar tid plikter å vurdere om andre måtar å administrere stiftelsen på er betre enn dagens. Søknaden til Stiftelsestilsynet vil i slike tilfelle gå ut på å fjerne vedtektsbestemmelsen om at Overformynderiet skal være forretningsførar eller kontaktperson. Ein kort presentasjon av styrets vurderinger rundt framtidig administrering av stiftelsen, bør likevel leggast ved søknaden.

Har du fortsatt spørsmål?  Gå til “spørsmål og svar”, eller ta kontakt.