regnskapAlle skal levere revidert rekneskap. Det gjeld også underledd og aksjeselskap.
Søkarar som nyttar forenkla modell og har mindre enn fem millionar kroner i totale driftskostnader, kan bruke vald revisor. Det same kan søkarare som nyttar dokumentert modell og har mindre enn tre millioner kroner i totale driftskostnader. Alle andre må bruke statsautorisert-, autorisert-, eller kommune-revisor. Det er berre sentralledd og enkeltståande søkarar som skal sende inn  til oss. Alle andre må kunne vise fram revisjonsmelding dersom vi ber om det.

Kven skal levere revisorapport?

Desse organisasjonane skal levere  (avtalte kontrollhandlingar):

  • Alle sentralledd.
  • Forenkla modell: Alle med meir enn fem millionar kroner i totale driftskostnader. Alle betyr også lokallag, regionallag, aksjeselskap og enkeltståande søkarar.
  • Dokumentert modell: Alle med meir enn tre millioner kroner i totale driftskostnader. Alle betyr også lokallag, regionallag, aksjeselskap og enkeltstående søkarar.

Revisorrapport frå lokallag, regionallag og aksjeselskap skal ikkje sendast til oss, men til sentralleddet. Kontakt ditt sentralledd for å få vite den interne fristen.

Revisorrapporten skal vere utarbeidd av statsautorisert-, registrert-, eller kommune-revisor. Revisor skal utføre kontroll av søknadane basert på standarden: ISRS 4400 – avtalte kontrollhandlinger. Bortsett frå å avdekke og rapportere funn basert på dei avtalte kontrollhandlingene har ikkje revisor ansvar for eller plikt til å kontrollere søknadane. Revisor skal for eksempel ikkje vurdere om søkaren kjem inn under ordninga. Ved spørsmål om dei avtala kontrollhandlingane oppfordrar vi revisor om å ta kontakt med oss.

Malar for revisorrapport

Her finn du maler for ulike revisorrapportar, pass på å bruk rett modell og rett type søkjar.
(Vi gjer merksam på at desse malane berre finns på bokmål)

Vanlege feil i revisorrapporten

  • Revisor brukar feil rapport. Pass på at revisorrapporten de bruker gjeld rett modell, og rett type søkar.
  • Revisor rapporterer ikkje på alle punkt. Dersom enkelte kontrollhandlingar ikkje er aktuelle, skal revisor rapportere at dei ikkje er aktuelle. Hvis revisor ikkje gjer dette, kan vi ikkje vite om kontrollhandlinga er gløymt, eller om den ikkje er aktuell. Dette kan få konsekvensar for søknaden.
  • Revisor rapporterer ikkje avdekka feil og om dei er korrigert i søknaden. Hvis det er avdekka feil i søknaden, er det viktig at dette kjem tydeleg fram. Det må også komme tydeleg fram om feilen er korrigert i søknaden eller ikkje.