I 2018 fordelte Lotteri- og stiftelsestilsynet 1,42 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Over 24 000 organisasjonar fekk momskompensasjonen utbetalt i desember 2018.

Tilskotsordninga der frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester vart vedteken i 2010. Føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet.

Søknadsåret 2018

I alt 24 055 frivillige lag og organisasjonar fekk utbetalt momskompensasjon på til saman 1,42 milliardar kroner. Avkortinga var på 25,5 prosent av det godkjende beløpet.
Du finn oversikt over samtlege mottakarar (24 055) i lista nedanfor. For å søke etter bestemte organisasjonar, opne reknearket i redigeringsmodus, og bruk søkefunksjonen i Excel.

Omfatter ulike aktivitetar

Momskompensasjonsordninga femner eit vidt spekter av frivillege aktivitetar. Basert på søkars aktivitetskategoriar i Frivillighetsregisteret kan vi få eit bilete av kva type aktivitetar som vert utført blant organisasjonar som mottek momskompensasjon.

For 2018 ser vi at nær 6 800 av organisasjonane, eller 28 prosent, som søkjer momskompensasjon er i kategorien idrett. Deretter følgjer kultur og kunst med 22 prosent og interesseorganisasjonar med 18 prosent.

Variasjon i tildelt beløp

Den store variasjonen i søkjarane viser seg også i størrelsen på tilskot. Tildelt beløp varierer frå nokre kroner til nær 30 millionar kroner. Dei fleste organisasjonar får tildelt beløp i nedre del av denne skalaen. Rundt 59 prosent av organisasjonane fekk tildelt opptil 15 000 kroner og 24 prosent av alle organisasjonane fekk tildelt opptil 50 000 kroner. Kun 2 prosent av organisasjonane fekk tildelt over 500 000 kroner.

Kva har skjedd over tid?

Her kan du sjå korleis ordninga har utvikla seg sidan starten når det gjeld utbetaling og tal organisasjonar som er med.

Tal og oversiktar for momskompensasjonsordninga tidlegare år

Over heile landet

Ved å bruke adresser frå Enhetsregisteret kan vi få eit bilete av kvar dei ulike organisasjonane held til. Ikkje alle informerer om organisasjonsnummer i søknaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet. For å kunne lage ei slik oversikt må vi difor legge inn kommuneinformasjon manuelt for nokre av organisasjonane, noko det er knytt ei viss usikkerheit til. Nokre organisasjonar har difor heller ikkje fått tildelt kommune, men blir i staden vist som ‘Ukjend’ i tabellen nedanfor.

(Merk at informasjonen i resten av artikkelen gjeld for søknadsåret 2017)

Ved å summere resultatet etter fylke ser vi mellom anna at Oslo er det fylket som mottek den største summen, rundt 560 millionar kroner, og at Oslo skiljer seg ut jamført med dei andre fylka. Skilnaden mellom fylke skuldast blant anna skilnad i innbyggartal, men sjølv om ein ser på utbetaling pr innbyggjar er Oslo likevel i ei særstilling.

Ei forklaring på at Oslo skiljer seg vesentleg ut frå resten av landet kan vere sentraliseringstendensar for store organisasjonar og sentralledd. I tillegg er det viktig å hugse på at ein enkelt organisasjon kan ha aktivitet i fleire fylke, og heile landet for den del.