Norsk Rikstotos spelaktivitet er regulert i pengespellova. Slik fører vi tilsyn og kontroll.

Lotteritilsynet skal føre kontroll med at Norsk Rikstoto gjennomfører alle sine spel i samsvar med pengespellova og pengespelforskriften.   

Norsk Rikstoto fastset sine eigne spelereglar. Selskapet skal varsle Lotteritilsynet når dei gjer endringar i desse. Lotteritilsynet kan da kontrollere om desse er i samsvar med pengespellova med tilhøyrande forskrift. 

Dersom Norsk Tipping skal gjere vesentlege endringar i sine spel, skal endringa godkjennast av Lotteritilsynet, jf. pengespelforskrifta § 22. 

Ansvarligheits og kanaliseringsrapportar finn du på sida rapportar og publikasjonar.

Tilsynsmetodikk

Tilsyn med Norsk Rikstoto blir i hovudsak gjennomført som revisjonar.  Målet med tilsynet er å slå fast om myndighetskrava blir fulgt og å foreslå endringar. I samband med tilsyn går vi gjennom interne styringsdokumenter, som informasjon om organisasjonen, mål, planar, prosedyrer og rutinar som verksemda har lagt opp til, og som utgjer ein del av verksemdas styringssystem/internkontroll. 

Les meir om tilsynsmetodikken vår.

Klage på Norsk Rikstoto

Dersom du ikkje får medhald i ein klage som er sendt Norsk Rikstoto, kan du sende saka til mekling hos Forbrukertilsynet. Meir info om klagesaksgangen finn du på Forbrukertilsynet sin nettside.