Norsk Tippings spelaktivitet er regulert i pengespellova. Slik fører vi tilsyn og kontroll med verksemda.
Lotteritilsynet skal føre kontroll med at Norsk Tipping gjennomfører alle sine spel i samsvar med pengespellova og pengespelforskriften .
Norsk Tipping fastset sine eigne spelereglar. Selskapet skal varsle Lotteritilsynet når dei gjer endringar i desse. Lotteritilsynet kan da kontrollere om desse er i samsvar med pengespellova med tilhøyrande forskrift.
Dersom Norsk Tipping skal gjere vesentlege endringar i sine spel, skal endringa godkjennast av Lotteritilsynet, jf. pengespelforskrifta § 22.
Tilsynsrapportar finn du her
Her finn du dei siste tilsynsrapportane med Norsk Tipping.
Gå til tilsynsrapportarAnsvarligheits og kanaliseringsrapportar finn du på sida rapportar og publikasjonar.
Klage på Norsk Tipping
Dersom du ikkje får medhald i ein klage som er sendt til Norsk Tipping, kan du sende saka til mekling hos Forbrukertilsynet. Meir info om klagesaksgangen finn du på Forbrukertilsynet sin nettside.