Vedtektene til stiftelsen legg rammene for korleis styret skal forvalte stiftelsen. Her får du hjelp og rettleiing til korleis styret skal gå fram ved tolking av vedtekter.
Styret er det øvste organet i stiftelsen. Det er styret sitt ansvar å tolke vedtektene for å finne innhaldet i desse.
Vedtektene og stiftelsesgrunnlaget legg premissa og rammene for korleis styret skal forvalte stiftelsen. Stiftelsesgrunnlaget er den disposisjonen opprettaren gjer før eller i samband med opprettinga, til dømes i avtale, gåvebrev eller i testament. I tillegg krev stiftelseslova at opprettaren utarbeider eit eige stiftelsesdokument som inneheld mellom anna vedtektene.
Vedtektene til alle norske stiftelsar finn du i Stiftelsesregisteret.
Korleis tolke vedtektene?
Når styret skal tolke vedtektene, er utgangspunktet å finne ut kva som var opprettar sin intensjon då stiftelsen blei oppretta. Styret må tolke innhaldet i kvart punkt i vedtektene. Det er kva opprettar meinte ved opprettinga som er relevant; ikkje kva vedkommande måtte meine seinare.
Ta utgangspunkt i ordlyden i vedtektene
Utgangspunktet for tolkinga vil vere ei naturleg språkleg forståing av ordlyden i vedtektene. Ordlyden skal likevel tolkast ut frå kva opprettaren meinte med ordlyden som blei brukt; det såkalla subjektive tolkingsprinsippet.
Vedtektene kan vere formulert på ein måte som gjer at det er fleire tolkingsalternativ. Tolkinga må då supplerast av andre relevante tolkingsmoment for å finne fram til kva opprettar meinte ved opprettinga. Då bør de sjå på dette:
Innhaldet i andre dokument som seier noko om kva opprettar meinte på det tidspunktet stiftelsen vart oppretta vil vere relevante tolkingsmoment.
Eit slikt dokument kan vere stiftelsesgrunnlaget, som er den disposisjonen eller handlinga opprettar gjer før eller i samband med opprettinga, til dømes i avtale, gåvebrev eller i testament. Det er denne disposisjonen som opprettar stiftelsen.
Eit anna dokument kan vere stiftelsesdokumentet, som er eit dokument stiftelseslova § 9 krev at opprettar skal utarbeide og som skal innehalde mellom anna formålet og vedtektene.
Både stiftelsesgrunnlaget og stiftelsesdokumentet vil normalt vere viktige når de skal tolke formål eller vedtekter, fordi dei gir uttrykk for kva opprettar meinte.
Opprettar sitt formål med å opprette stiftelsen kan kaste lys over kva som var meininga med konkrete føresegner (bestemmelsar) i vedtektene. Også opprettar sitt formål med den konkrete føresegna ein skal fastslå innhaldet i, kan vere relevant i tolkinga.
Den faktiske bakgrunnen for at stiftelsen blei oppretta eller for den konkrete føresegna kan vere eit relevant moment når ein skal tolke kva som var meininga med vedtektene.
Stiftelsen kan ha andre historiske dokument som er relevante tolkingsmoment. Det kan til dømes vere brev eller dokument som er sendt inn til offentlege instansar, styreprotokollar eller anna.
I enkelte tilfelle kan dokument som viser praksis, retningslinjer eller liknande vere relevante.
Men, her må ein vere merksam på at det først og fremst er dokument som er utforma før eller nær i tid til opprettinga som er relevante når ein skal finne fram til kva opprettar meinte.
Er opprettaren i live, vil han eller ho kunne bidra med opplysningar om kva som var meint ved opprettinga. Er opprettaren død, vil slektningar eller personar som stod vedkommande nær kunne gi styret opplysningar som er relevante for tolkinga. Det same gjeld uttale frå andre som blir ramma av den aktuelle føresegna i vedtektene.
Korleis finne ut kven opprettar er?
Det skal komme klart fram av stiftelsesdokumentet kven som er opprettar av stiftelsen. Opprettar skal signere og datere stiftelsesdokumentet. Nokre gongar kan det vere eit spørsmål om personar signerer på vegne av seg sjølv (personleg) eller på vegne av ein juridisk person (organisasjon, selskap eller annan juridisk person). Det er viktig at dette kjem klart fram i stiftelsesdokumentet.
Er stiftelsen oppretta ved testament, er den som har skrive testamentet (testator) opprettar, og stiftelsen er rekna som oppretta på det tidspunktet testator dør.
Er opprettar ein juridisk person, må styret få ein uttale frå det organet som har avgjerdsmakt, til dømes årsmøtet i ei foreining. Nokre gongar står det i vedtektene kven som skal gje uttale. Er rettssubjektet avvikla eller endra, til dømes eit aksjeselskap, må styret undersøke om det er personar som kan uttale seg på vegne av det tidlegare selskapet.
Ved omdanning av stiftelsen er det naudsynt å hente inn uttale. Les meir om opprettar sin rett til å uttale seg her: Slik endrer dere stiftelsens vedtekter.
Styret har ansvar for å dokumentere og ha orden i sysakene
Styret må ha oversikt over sentrale dokument og opplysningar for stiftelsen, slik som stiftelsesgrunnlaget, stiftelsesdokumentet, dei opphavlege vedtektene og andre dokument som kan kaste lys over kva opprettar meinte då stiftelsen blei oppretta.
Dokumentasjon av vurderingane styret gjer er eit sentralt element i internkontrollen til styret. For å unngå usikkerheit rundt forståinga av vedtektene seinare, er det viktig å dokumentere styret sin gjennomgang og konklusjon.
Styret bør ta opp spørsmål om tolking av vedtektene som sak i styremøte og føre protokoll over vurderingane. Konklusjonen kan til dømes bli nedfelt i eit dokument som er tilgjengeleg saman med vedtektene, slik at styret har oversikt. Slik dokumentasjon vil også vere viktig kunnskap for framtidige medlem av styret.
Dokumentasjon er dessutan viktig for stiftelsens revisor som ved revisjon av årsrekneskapen skal uttale seg «om stiftelsen er forvaltet og utdelinger er foretatt i samsvar med lov, stiftelsens formål og vedtektene for øvrig», jf. stiftelseslova § 44.
Tvist om tolking av vedtekter
Sjølv om styret har fastlagt innhaldet i vedtektene ved bruk av dei alminnelege tolkingsprinsippa over, vil det kunne oppstå tvist om tolkinga. Til dømes dersom personar utanfor stiftelsen meiner at styret si tolking er feil og at vedtektene gir dei rett til utdelingar eller liknande.
Stiftelsestilsynet har ikkje høve til å uttale seg om konkrete privatrettslege spørsmål. Vi gir heller ikkje bindande uttalar om korleis vedtektene til stiftelsar skal tolkast.
Den som meiner å ha eit krav mot ein stiftelse på bakgrunn av vedtektene eller eit vedtak fatta av styret, må eventuelt ta ut søksmål og prøve saka for domstolen. For nokre stiftelsar er det regulert i vedtektene korleis tvistar skal løysast, til dømes ved voldgift.