Lotteritilsynet har fleire metodar for å stoppe utanlandske pengespelselskap som tilbyr og marknadsfører nettspel i strid med norsk lov.

For å tilby nordmenn deltaking i pengespel som ikkje har løyve i Noreg, bryt og omgår utanlandske selskap norske reglar og blokkeringar, som er fastsette for å sikre eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod.

– I 2018 gjennomførte Lotteritilsynet fleire tilsyn mot aktørar som tilbyr, marknadsfører eller formidlar pengespel i Noreg i strid med lova. Omfanget er stort, og vi har prioritert å føre tilsyn med dei mest alvorlege brota som vi kan stanse etter gjeldande regelverk, og der vi meiner tilsyn vil gi effekt, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Henrik Nordal.

Overvakar kontonummer

Lotteritilsynet påla i 2018 alle norske bankar å stanse formidling av ulovlege nettspel i form av sju vedtak om overvaking av bestemte kontonummer.

– Desse kontonummera er eigd av pengespelselskap og betalingsformidlingsselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel til nordmenn. Bankane har gjennomført stans av innskot og utbetaling til og frå nordmenn i tråd med vedtaka, seier Nordal.

Resultatet er at fleire betalingsformidlingsselskap som har hatt stort volum av pengespeltransaksjonar i Noreg, i 2018 har gått ut av den norske nettspelmarknaden etter press frå Lotteritilsynet.

Forslag til endringar i regelverket om forbod mot betalingsformidling for pengespel utan norsk løyve, vart sendt på høyring i april 2018. Eit av endringsforslaga er å innføre avgrensa opplysningsplikt for bankane til Lotteritilsynet for å få stansa endå meir av ulovlege nettspel til nordmenn.

Kjøper mindre TV-reklame

For første gong sidan måling av omfanget av pengespelreklame på TV tok til i 2013 ser vi no at utanlandske pengespelselskap brukar mindre pengar på slik reklame retta mot norske forbrukarar. Lotteritilsynet ser svært positivt på at denne typen marknadsføring av pengespel som ikkje har løyve i Noreg går ned. Direktør Gunn Merete Paulsen varsla i ein fagblogg  fleire tiltak som på sikt kan avgrense dette tilbodet.

Utfordringa med dagens regelverk er at medieaktører som sender TV-innhald frå andre land enn Noreg, vanskeleg kan stoppast av norske reguleringar. Det betyr at TV-kanalar med eit klart norsk innhald og publikum kan etablere seg utanfor Noregs grenser, hoppe bukk over norske reglar, og hauste inntekter frå pengesterke aktørar. 

Les også: Kvifor ser du ulovleg pengespelreklame på TV.

Blir blokkerte i nettaviser

Lotteritilsynet har også merka nedgang i omfanget av ulovlege annonser for utanlandske pengespelselskap i norske nettaviser i 2018. Vi gjennomførte eit tilsyn med ulovleg marknadsføring av pengespel i nettavisene i 2017, etter å ha sett ei auke i omfanget av slik reklame gjennom bruk av programmatiske annonser.

Programmatisk annonsering er automatiserte kjøp og sal av nettannonser via digitale børsar. Norske mediehus og annonseleverandørar har lagt inn tekniske blokkeringar for pengespel som ikkje har løyve i Noreg, men utanlandske pengespelselskap omgår desse på ulike måtar.

Lotteritilsynet har god dialog med norske mediehus og annonseleverandørar, og har intensivert tilsynsarbeidet. Dialogen med mediehusa syner at dei tar dette problemet på alvor, og dei har sett i verk fleire tiltak for å hindre at det blir lagt ut slike annonser.

Farleg direktereklame

Lotteritilsynet fekk i 2018 nærare 1000 tips om ulovleg marknadsføring av utanlandske pengespelselskap på nett. Vi har merka ein auke i tips om ulovleg direktereklame frå dei utanlandske pengespelselskapa via SMS og e-postar til nordmenn.

Ifølgje ein rapport levert av Rambøll til Lotteritilsynet i februar 2018, er dette ei svært farleg form for reklame for dei som har speleproblem eller som står i fare for å få det.

-Rapporten viser at reklamen får problemspelarar og risikospelarar til å spele meir, og at det er direktereklame gjennom SMS og e-post som oppfordrar sterkast til spel. Samtidig er det gjennom TV flest opplever å bli eksponert for pengespelreklame. Rapporten viser at dei sårbare også endrar speleåtferd etter eksponering for TV- reklame, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet Lars Petter Degnepoll.

Lotteritilsynet vil bruke rapporten, «Markedsføringens effekt på spilling av pengespill og pengespillproblemer», i det vidare arbeidet med å sikre eit mest mogleg trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Noreg.

Same person reklamerte ulovleg på 239 nettsider

I 2018 gjorde Lotteritilsynet vedtak mot 28 selskap, med same kontaktperson,  om å stanse ulovleg marknadsføring av utanlandske pengespelselskap på til saman 239 norske nettsider.

Lotteritilsynet gjorde samtidig vedtak om tvangsmulkt på 2000 kroner per dag per selskap, dersom dei ulovlege forholda ikkje vart retta opp. Vedtaket innebar eit pålegg om å fjerne det ulovlege innhaldet på nettsidene. Selskapa retta seg etter vedtaket ved å blokkere alle nettsidene for nordmenn.

Aksjonerte mot ulovlege pokerklubbar

Lotteritilsynet fekk i 2018 også om lag 60 tips om ulovlege pokerarrangement i Noreg. Tipsa omhandla alt frå avgrensa ulovlege pokerturneringar til større organiserte og ulovlege pokerklubbar.

Vi fekk mange tips om ulovlege pokerklubbar i Oslo med informasjon om at det vart spelt poker heile døgnet, at det vart spelt på kreditt, og at fleire av klubbane hadde kontakt med kriminelle pengeinnkrevjarar. På bakgrunn av tipsa innleia Lotteritilsynet eit samarbeid med politiet i Oslo for å få stansa den ulovlege verksemda. Samarbeidet førte til at politiet 1. mars 2018 aksjonerte mot fem pokerklubbar i Oslo. Alle klubbane vart stengde. Lotteritilsynet bisto politiet før, under og etter aksjonen.