Frå nyttår vil det vere endringar i stiftelseslova og barnehagelova som påverkar stiftelsar.

Særreglar for oppheving av kommunale bustadstiftingar

Stortinget har vedtatt reglar som gjer at kommunar som har oppretta bustadstiftingar, kan vedta å oppheve bustadstiftingane og overføre verdiane i stiftelsen til kommunen. Lovendringane Stortinget har vedtatt, går ut på at det blir lagt til eit nytt kapittel 6 A i stiftelseslova. Føresegnene i dette kapittelet gjeld for stiftelsar som

a) har til formål å skaffe bustader til personar som ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden, og derfor treng bistand til å skaffe eller behalde eigna bustad, og

b) er oppretta av éin eller fleire kommunar.

I korte trekk går endringane ut på at ein kommune som har oppretta ein slik stiftelse, i medhald av ny § 55 b, kan treffe vedtak om at stiftelsen skal opphevast med verknad om at «eigedelane, rettane og forpliktingane til stiftelsen er overført til kommunen», jf. § 55 e.

Lova trer i kraft 1. januar 2023.

Nye krav til private barnehagar kan påverke stiftelsar og samvirkeforetak

Fra nyttår blir det krav om at private barnehagar skal vere eit eige selskap, og det vil bli forbod mot å drive annan verksemd i tillegg til barnehagedrift. 

Bakgrunnen for dette er at barnehagen ikkje lengre skal vere eit investeringsobjekt for å tene pengar, men at fellesskapets pengar går til barnas beste, skriv regjeringen.no.

Endringa gjeld frå 1. januar 2023.