Årleg omsetningsgrense i 2025 er 410 millionar kroner. Omsetningsgrensa blir indeksregulert kvart år.

Desse tilbydarane har løyve til denne typen pengespel fram til og med februar 2026:

  • Norges Røde Kors der Norsk Pantelotteri AS er medhjelpar.
  • Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen der medhjelpar er Novamedia Norsk Postkodelotteri AS.

Det er gitt nye løyve for perioden 1. mars 2026 til 28. februar 2035.

Krav til organisasjonen

  • Må vere førehandsgodkjend etter pengespelforskrifta § 38.
  • Ha internasjonal aktivitet som utgjer minst 50 prosent av organisasjonen sine samla rekneskapsførte driftskostnader.
  • Ha minst 20 millionar kroner årleg i rekneskapsførte driftskostnader for sin internasjonale aktivitet.

Krav til pengespelet

  • Pengespelet skal ikkje ha risiko for å utvikle speleproblem.
  • Minst 50 prosent av pengespelets omsetning etter frådrag for gevinstar, skal gå til den eller dei organisasjonane som har fått det konkrete løyvet.

Krav til medhjelpar

  • Medhjelpar som driftar pengespelet må ha tilfredsstillande sikkerheit for gevinstar, tilfredsstillande eigenkapital og vise til ei rein revisjonsberetning.
  • Medhjelpar må også gjennom godkjenning frå eit autorisert testinstitutt i EØS-området kunne dokumentere at pengespelet er sikra mot misbruk og manipulasjon.

Pengespela må tilfredsstille visse tekniske krav, og elles vere i samsvar med vilkåra som er stilt i  kapittel 10 i pengespelforskrifta.

Krav til marknadsføring

Pengespeltilbydarane skal ha eit moderat omfang av marknadsføring. I vurderinga av dette skal det leggast særleg vekt på kor stor del av nettoinntektene som blir brukt til marknadsføring (pengespelforskriftas §14, 3. ledd) 

Marknadsføringsomgrepet er breitt og omfattar all aktivitet som blir gjort for å fremje omsetning av pengespelet, ifølge forarbeida til pengespellova. Det betyr at alle kostnadar til å marknadsføre pengespelet i ulike kanalar skal vere med i berekninga. Med kanalar meinast både fysiske og digitale plattformer, samt “ein-til-ein»- kommunikasjon og massekommunikasjon.  

For vår vurdering legg Lotteritilsynet til grunn at marknadsføringskostnadar er utgifter i samband med marknadskommunikasjon ut mot kundar for å informere om speltilbodet, enten det er for å få nye kundar, behalde kundar eller få kundane til å spele meir.  

  • Betalt og ikkje- betalt marknadsføring i kanalar som f.eks. tv, radio, aviser, sosiale medium, digitale skjermar i offentleg rom. 
  • Profilering av overskot til gode formål. 
  • Direktemarknadsføring gjennom dør-/gatesal. 
  • Produksjon og utvikling av marknadsmateriell og innhald 
  • Presentasjon av vinnarhistoriar med salsfremjande tekst 
  • Konsulent- og byråhonorar om desse er leigde inn for å bidra til å utarbeide marknadsføringsmateriell. 
  • Sponsorat. 
  • Utvikling, produksjon og gjennomføring av sjølve pengespelet.
  • Marknadsundersøkingar. 
  • Lobbyverksemd. 
  • Lisensar, administrasjon og liknande.