Registrere og rapportere smålotteri

Du må oppfylle krava til å arrangere smålotteri før du registrerer lotteriet . Dersom vi ikkje godkjenner lotteriet vil du få skriftlig vedtak innan 14 dagar etter du har søkt.

NB! Du bør unngå å bruke mobiltelefon for å registrere lotteriet då nettlesaren ikkje fungerer godt i skjemaet.

Når lotteriet er avslutta, rapporterer du inn omsetninga innan ein månad etter loddsalet er over. Du rapporterer ved hjelp av smålotterinummeret du fekk ved registrering. 

Dersom du ikkje kan bruke løysinga for elektronisk innmelding, kan du laste ned og fylle ut papirversjonen av meldings- og rapportskjema for smålotteri , og sende det som vedlegg til e-post, eller via post.