Lag og organisasjonar må ha godkjenning som lotteriverdig organisasjon av Lotteritilsynet, før de kan søke om løyve til å få inntekter frå bingo og store lotteri med omsetning over 200 000 kroner.
Søk om godkjenning som lotteriverdig organisasjon
Før du kan søke løyve om bingo og store lotteri, må organisasjonen ha godkjenning som lotteriverdig organisasjon.
Gå til søknadsskjemaDu kan også søke via papirskjema.
Organisasjonen må ha organisasjonsnummer i Einingsregisteret for å bli godkjend. Når du søker må du legge ved vedtekter, samt datert og underskriven kopi av siste godkjende årsrekneskap og årsmelding.
Humanitært eller samfunnsnyttig
Organisasjonar og foreiningar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål kan få slik godkjenning. Typiske døme på dette er skulekorps, idrettslag, hjelpekorps og ulike interesseorganisasjonar.
I praksis gjeld ikkje omgrepet humanitært eller samfunnsnyttig formål som er typiske offentlege oppgåver, for eksempel vedlikehald av skular og kyrkjer. Det gjeld heller ikkje aktivitet med kommersielt tilsnitt, privatøkonomiske tiltak og hobby- og fritidsforeiningar for vaksne.
Ved dei fleste godkjenningar av hobby- og fritidsforeiningar stiller vi difor særvilkår om at lotteriinntektene skal gå til den delen av aktiviteten som gjeld barn og unge under 18 år. Det kan også vere andre særvilkår, f. eks. at lotteriinntektene må gå til den delen av aktiviteten som gjeld drift av grendehus.
Plikter som lotteriverdig organisasjon
Som lotteriverdig organisasjon pliktar du å melde frå til Lotteritilsynet dersom det skjer vesentlege endringar samanlikna med opplysningane i den opphavlege søknaden. Dette må de gjere innan to veker etter at endringa skjedde. Eit døme på slik endring kan vere vesentleg nedgang i foreininga sitt aktivitetsnivå/medlemstal. Dersom endringane gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra for å vere lotteriverdig organisasjon, kan Lotteritilsynet kalle tilbake godkjenninga.
Rekneskapsrapportering
Lotteriverdige organisasjonar skal kvart år (innan 1. juni) sende ein enkel rekneskapsrapport for verksemda på eit bestemt skjema til Lotteritilsynet. I tillegg må de spesifisere bruken av lotteriinntekter. Vi sender ut informasjon om skjema og rapporteringsfristar via Altinn i februar kvart år. Dersom de ikkje gjer denne rapporteringa, kan Lotteritilsynet kalle tilbake organisasjonen si godkjenning og eventuelle lotteriløyve.
Les meir om rapportering av rekneskap for lotteriverdige organisasjonar.
Bruk av lotteriinntekter
Organisasjonen pliktar å bruke lotteriinntektene i samsvar med eigne vedtekter og eventuelle særvilkår som er sett i godkjenninga frå Lotteritilsynet. Lotteritilsynet gjennomfører stikkprøvekontroll av organisasjonens bruk av lotteriinntekter.
Rekneskapsføring
Organisasjonen må føre rekneskap i eit ordentleg og oversiktleg system. Alle transaksjonar skal bokførast på ein måte som gjer det mogeleg å vurdere inntekter, kostnadar, eigedelar og gjeld i foreininga.
Godkjenningsgebyr
Organisasjonen må betale gebyr på 1300 kroner for godkjenning og registrering i Lotteriregisteret.
Lotteriregisteret har oversikt over alle lotterigodkjende organisasjonar.