Slik arrangerer du smålotteri

Før du skal arrangere eit smålotteri må du sjekke om du tilfredsstiller krava for å arrangere lotteriet. Deretter må du melde inn smålotteriet , og til slutt rapportere omsetninga for lotteriet.

Eit smålotteri er eit lotteri med årleg omsetning på inntil 200 000 kroner.

Kven kan arrangere smålotteri?

Lokale frivillige lag, og humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar kan arrangere lotteri for å skaffe inntekter til formålet sitt.

Offentlege institusjonar som skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval kan ikkje halde smålotteri. Russegrupper er heller ikkje godkjende til å halde smålotteri, fordi dei ikkje blir rekna som ein ideell og frivillig organisasjon.

Krav for å arrangere smålotteri

  • Innmelding av lotteriet skal skje 14 dagar før loddsalet startar.
  • Samla omsetning på smålotteriet kan ikkje vere over 200 000 kroner per kalenderår.
  • Lotteriet må vere basert på fysiske lodd eller loddbøker.
  • Skrapelodd kan ikkje brukast i smålotteri.
  • Gevinstar skal trekkast på førehand eller i etterkant på ein bestemt dato.
  • Loddsalet skal berre skje i ein periode som er bestemt på førehand.
  • Inntektene frå lotteriet kan ikkje gå til kommersiell verksemd eller privatpersonar.
  • Pengepremiar kan ikkje brukast som gevinst i lotteriet.
  • Gåvekort kan brukast som gevinst så lenge desse berre kan vekslast inn i varer og ikkje direkte i kontantar.
  • Viss loddsalet har starta kan ein ikkje utvide salsperioden eller omsetninga.
  • Eit nytt lotteri kan ikkje bli starta opp, før det gamle er rapportert. Søknad om nytt lotteri må bli registrert.

Gevinstar

Det er ikkje tillate med kontantar som gevinst i smålotteri.

Vi får ofte spørsmål rundt kor mykje som bør gå tilbake til loddkjøparar i gevinst. Det er ikkje reglar for dette, men Lotteritilsynet tilrår at gevinstar bør vere minimum 25 prosent av innmeldt omsetning i lotteriet.

Ved avslag

Dersom vi ikkje godkjenner lotteriet, vil du få skriftleg vedtak tilsendt innan 14 dagar etter at du søkte.

Når lotteriet er ferdig

Når lotteriet er avslutta, rapporterer du inn omsetninga innan ein månad etter loddsalet er over. Du rapporterer ved hjelp av smålotterinummeret du fekk ved registrering.

Dersom du ikkje kan bruke løysinga for elektronisk innmelding, kan du laste ned og fylle ut papirversjonen av meldings- og rapportskjema for smålotteri, og sende det som vedlegg til e-post, eller som vanleg post.