Neste søknadsrunde vert i november, og då kan kommunane på nyttt søke om midlar på vegne av frivilligsentralar i sin kommune.
Tilskotet skal gå til drift av frivilligsentralar, og formålet med ordninga er å bidra til å skape gode og stabile rammevilkår for frivilligsentralane.
Ønsker du å motta varsel når neste søknadsrunde opnar 1. november? Søknadsfristen vil vere 30. november kl. 13.00. På tilskudd.no kan du abonnere på e-postvarsel om denne tilskotsordninga.
For driftsåret 2025 og framtidige søknadsrundar vil søknadsfristen vere 1. juni kl. 13.00. Det vil seie at ein i 2024 må søke innan 1. juni for å bli vurdert for tilskot for driftsåret 2025.
Tilleggsløyving i revidert statsbudsjett
I revidert statsbudsjett for 2023 vart løyvinga til tilskotsordninga auka med kring 23 millionar kroner. Desse midlane skal fordelast likt på dei frivilligsentralane som fekk tilskot for driftsåret 2023.
Det vil seie at kvar av desse frivilligsentralane får ei tilleggstildeling på 47 446 kroner.
Midlane er utbetalt til kommunane, og kommunane skal så raskt som mogleg overføre heile tilleggstildelinga til dei aktuelle frivilligsentralane.
Meir informasjon er sendt i eit eige informasjonsbrev til kommunane.
Oversikt over den ordinære tildelinga
I starten av 2023 vart 218 millionar utbetalt til 330 kommunar, som vidare fordelte midlane på 515 frivilligsentralar.
Sjå oversikt over tildelinga her.
Kva vilkår må frivilligsentralen oppfylle?
For å kunne ta imot tilskot via kommunen må frivilligsentralen
- stimulere til frivillig innsats, vere opne møteplassar for befolkninga, samt vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Aktiviteten må vere tilpassa lokale føresetnader og behov.
- vere eigd og drifta av anten ein kommune, ei verksemd i Frivilligregisteret, eit samvirkeføretak der alle medlemmer er kommunar og/eller verksemder i Frivilligregisteret, eller ein kombinasjon av dei nemnde.
- ha eit rådgjevande organ som kan påverke drifta av frivilligsentralen, der frivilligheita er representert.
- ha eigen rekneskap og årsrapport.
- ha tilgang på fysiske lokale.
- ha minst eitt årsverk, som hovudregel éin person i 100 % stilling.
- ha lokal finansiering tilsvarande minst 40 % av frivilligsentralens totale driftsinntekter.
- nytte ordet «frivilligsentral» eller likelydande i namnet på frivilligsentralen.
Så langt det er praktisk mogleg, vert frivilligsentralar oppmoda om å gjere lokala sine tilgjengelege for utlån til frivillige organisasjonar, når frivilligsentralen sine behov er dekka.
Den økonomiske ramma for ordninga vert fastsett gjennom statsbudsjettet. Endeleg avklaring vert derfor først klar i løpet av desember.
Rapportering om bruk av midlar
Lotteri- og stiftelsestilsynet tok over forvaltninga av denne ordninga frå 2023. Tidlegare har ordninga lege under Kultur- og likestillingsdepartementet. Rapportering for bruk av midlar i 2022 skal difor sendast dit, i tråd med informasjonen i tilskotsbrevet som vart sendt ut 24. januar 2022.
Rapportering for bruk av midlar i 2023 skal gjerast i søknadsskjemaet for driftsåret 2025. Fristen for å sende inn dette søknadsskjemaet vil, som nemnt over, vere 1. juni 2024 kl. 13.00.