Stortinget har vedtatt nye reglar om kjønnsrepresentasjon i styret i stiftelsar. Dei nye reglane gjeld for stiftelsar som er næringsdrivande, har utdeling som formål eller der staten, fylkeskommunen eller kommunen oppnemner styremedlem.

Dei nye reglane stiller krav om kjønnssamansetting dersom styret har tre eller fleire medlemmer.

Målet med dei nye reglane er å sikre kjønnsbalanse i styrerommet.

For stiftelsar er dei nye krava tatt inn i stiftelseslova § 27 a og § 27 b. Lovteksten finn du her.

Slik skal kjønnssamansettinga vere

  1. Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
  2. Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
  3. Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
  4. Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
  5. Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.

Det same gjeld for varamedlemmer.

Dersom tilsette skal velje styremedlemmer etter lova, gjeld det spesifikke krav for dette. Les heile lovteksten her.

Kva stiftelsar gjeld dei nye krava for?

Krava til kjønnsrepresentasjon i styret gjeld følgande stiftelsar:

  • næringsdrivande stiftelsar
  • stiftelsar som etter vedtektene har utdeling til formål
  • stiftelsar der staten, ein fylkeskommune eller kommune skal oppnemne eitt eller fleire styremedlem

Styret må vurdere om stiftelsen kjem inn under eit av desse alternativa.

Er stiftelsen næringsdrivande?

Stiftelsar er anten alminnelege eller næringsdrivande. Det er stiftelseslova § 4 som gir reglar om kva stiftelsar som er næringsdrivande. Næringsdrivande stiftelsar er registrerte i Føretaksregisteret. Det går og fram av Stiftelsesregisteret om stiftelsen er næringsdrivande eller alminneleg.

Her kan du lese meir om skiljet mellom næringsdrivande og alminnelege stiftelsar.

Er stiftelsen ein «stiftelse som etter vedtektene har utdeling til formål?»

Styret må tolke vedtektene for å avgjere om stiftelsen har utdeling til formål og dermed er omfatta av dei nye krava. Sjå vår hjelp til tolking av stiftelsens vedtekter. Det er presisert i forarbeida til lova at det avgjerande er kva som etter vedtektene er formålet til stiftelsen, ikkje i kva grad stiftelsen faktisk gjer utdelingar.

Dei klassiske pengeutdelande stiftelsane vil vere omfatta av krava, uavhengig av størrelse og uavhengig av om dei faktisk gjer utdelingar kvart år eller ikkje. Det same gjeld stiftelsar som etter vedtektene deler ut andre verdiar enn pengar. Har stiftelsen utdeling som eit av fleire formål, vil stiftelsen i utgangspunktet vere omfatta av krava.

Korleis veit ein om staten, ein fylkeskommune eller kommune skal oppnemne eitt eller fleire styremedlemmer for stiftelsen?

Vedtektene for stiftelsen skal innehalde informasjon om korleis styret veljast. Vedtekter for stiftelsen finn du ved søk i Stiftelsesregisteret.

Det følger av lovteksten at det er myndigheita til å oppnemne eitt eller fleire styremedlem som må ligge hos stat, fylkeskommune eller kommune. Med å oppnemne forstår vi at institusjonane etter vedtektene har myndigheit til å velje eller utpeike styremedlem.

Stiftelsestilsynet vurderer i utgangspunktet at der vedtektene bestemmer at namngitte personar eller personar i bestemte stillingar skal sitte i styret, og dei er tilknytte stat, fylkeskommune eller kommune, så er stiftelsen ikkje omfatta av dei nye krava.

Til dømes har ei rekke eldre legat vedtekter som slår fast at styret skal bestå av lensmann, prest og sorenskrivar eller liknande stillingar i lokalsamfunnet. I desse tilfella er det naturleg å seie at vedtektene utpeiker kven som skal sitte i styret, ikkje staten, fylkeskommune eller kommune.

Når startar krava å gjelde?

Lovendringa gjeld frå 1. januar 2024. Lovgivar har gitt overgangsreglar som gjer at stiftelsar ikkje må oppfylle dei nye krava før etter ein viss periode. Her finn du forskrifta med reglar om når lova trer i kraft.

I stiftelsar som er omfatta av dei nye reglane skal styret oppfylle krava om kjønnssamansetting seinast 30. juni 2025. I nokre stiftelsar gjeld likevel krava allereie frå 1. januar 2024.

Det gjeld

  • når staten, ein fylkeskommune eller kommune oppnemner delar av styret.
  • stiftelsar der staten, ein fylkeskommune eller ein kommune oppnemner heile styret.

Kva må stiftelsar som er omfatta gjere?

Mange stiftelsar oppfyller allereie dei nye krava til kjønnsbalanse. Andre stiftelsar må gjere ein jobb for å sikre rett samansetting.

Styret har ansvar for å sikre at kjønnsrepresentasjonen i styret er i samsvar med dei nye krava innan fristen lovgivar har sett. Dei nye krava rettar seg primært mot dei som etter vedtektene er gitt myndigheit til å oppnemne styremedlem i stiftelsen.

Viss styret sjølv vel nye styremedlem, bør styret allereie no ta omsyn til dei nye krava, og legge ein plan for korleis styret skal vere i samsvar med lova når krava trer i kraft. Ved oppnemning av nye styremedlem i perioden fram til 30. juni 2025, bør styret ta omsyn til dei nye krava.

Har stiftelsen eit valorgan som oppnemner styremedlem, bør styret orientere valorganet om dei nye krava til styresamansetting. Slik kan ein unngå at valorganet oppnemner styremedlem i overgangsperioden, som gjer at styret ikkje er i samsvar med dei nye krava når reglane tek til å gjelde.

Har stiftelsen fleire valorgan, bør styret oppmode valorgana om å vere samsnakka ved oppnemningar, slik at ein sikrar at stiftelsen til ei kvar tid har eit styre som oppfyller krava.

Stiftelsestilsynet er ikkje gitt heimel til å gi dispensasjon frå krava om kjønnssamansetting i styret. Derfor kan de ikkje søke oss om unntak.

Kva skjer dersom stiftelsen ikkje oppfyller krava?

Krava til kjønnssamansetting er eit lovkrav som må vere oppfylt for at styret skal vere lovleg samansett.

Eit styre som ikkje er lovleg samansett, er i utgangspunktet ikkje eit gyldig valt styre. Styret har då i utgangspunktet ikkje myndigheit til å representere stiftelsen overfor andre eller gjere rettslege handlingar på vegne av stiftelsen. Det betyr til dømes at styret ikkje kan binde stiftelsen til avtalar med andre, og at stiftelsen i tilfelle vil kunne risiskere ansvar overfor tredjepartar. Eit anna døme er at styret normalt ikkje vil kunne treffe vedtak om å endre vedtektene.

Ved innsending til nyregistrering, skal ein stiftelse som ikkje har eit styre som oppfyller kravet til kjønnssamansetting nektast registrert i Stiftelsesregisteret. Er det ein næringsdrivande stiftelse, skal stiftelsen også nektast registrert i Føretaksregisteret. Tilsvarande gjeld ved seinare melding om styreendringar.

Krava til kjønnsamansetting har betydning for om stiftelsen har eit gyldig valt styre. Lova stiller ikkje krav til kjønnssamansettinga i det enkelte styremøte. For styrets saksbehandling vil det på vanleg måte vere avgjerande om styret er vedtaksført.

Må stiftelsen gjere endringar i vedtektene?

Dei nye reglane stiller krav til kjønnsrepresentasjon i styret, og er i utgangspunktet ikkje retta mot innhaldet i vedtektene. Styret må likevel forsikre seg om at vedtektene ikkje er utforma slik at dei er i strid med krava i stiftelseslova.

I nokre tilfelle vil det vere nødvendig å endre vedtektene, for å sikre kjønnsrepresentasjon i styret i samsvar med lova. Stiftelsen må i slike tilfelle søke Stiftelsestilsynet om godkjenning av vedtektene på vanleg måte. Les meir om korleis de endrar vedtektene til stiftelsen her.

Opplysningane om kjønnsrepresentasjon skal gå fram av offentleg register

For næringsdrivande stiftelsar skal det gå fram av Føretaksregisteret at stiftelsen er underlagt krav til kjønnsrepresentasjon etter stiftelseslova § 27 a. For stiftelsar som ikkje er registrert i Føretaksregisteret, men som er omfatta av krava, skal Enhetsregisteret innehalde informasjon om dette.

For stiftelsane det gjeld skal registera innehalde opplysningar om kjønn til alle styremedlem og varamedlem, og opplysningar om medlemmen er valt av og blant dei tilsette. Sjå foretaksregisterlova § 3-6 og enhetsregisterlova § 6.