To typar bingo

  • bingo med entreprenør – der entreprenør står for drifta medan lag og foreiningar får overskotet.
  • bingo utan entreprenør – der lag og foreiningar sjølve står for drifta, inkludert radio/TV-bingo.

Bingo med entreprenør – tal for 2016.

Dette er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar.

Nedanfor er oversikt basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om 55 bingoentreprenørar som til saman dreiv 226 bingolokale per 31. desember 2016.

Nøkkeltal 2016MNOK / %
Brutto omsetning (inkl. sidespel)3835
- minus gevinstar3078
Netto omsetning =757
Overskot til formål =182
Formåla sin del av brutto omsetning4,8 %
Formåla sin del av netto omsetning24,1 %
Gevinstprosent80,3 %

Entreprenørbingo omsette for 3,8 milliardar kroner i 2016. Til lag og organisasjonar vart det overført 182 millionar kroner eller 4,8 prosent av brutto omsetning. Gevinstdelen er 80,3 prosent og formåla sin del av netto omsetning er 24,1 prosent.

Samanlikna med 2015 er omsetninga redusert. Brutto omsetning i 2015 var 4 078 millionar kroner, og netto omsetning var 868 millionar kroner. I 2016 har dermed formåla fått 23 millionar mindre frå bingospel enn i 2015, før vi reknar med inntektene frå Belago-terminalane. Norsk Tippings Belago-terminaler er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til same formål som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. I 2016 fekk formåla 63 millionar kroner frå  spel på Belago-terminalar. Det er ein auke på 4 millionar kroner frå 2015.

Formåla i entreprenørbingo har dermed samla fått 19 millionar kroner mindre enn i 2015, medrekna Belago.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal 2016 (millionar kroner)

Type spelBrutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Totalt 3835307880,3 %75718224,1 %
Hovudspel113082372,9 %30753*17,6 %
sidespel - databingo2704225483,4 %44913430 %
sidespel - papirbingo0.990.6162,3 %0.370.1130 %
- sidespel totalt2705225583,4 %450135 *30 %

* merk at dette er summen før gebyr for bingoløyve er trekt frå

Omsetninga for hovudspel har gått ned frå 2015. Då var brutto omsetning 1 185 millionar kroner og netto omsetning 373 millionar kroner. Også for sidespel har det vore ein liten nedgang sidan 2015, då brutto omsetning for sidespel var på totalt 2 891 millionar kroner, nettoomsetninga var 494 millionar kroner. 80,3 prosent av omsetninga i entreprenørbingo i 2016 gjekk tilbake til spelarar som gevinstar. Høgast gevinstprosent har sidespel med 83,4 prosent.

Lag og foreiningar fekk totalt 182 millionar kroner i inntekt frå entreprenørbingo før Belago er rekna med. 73 prosent av desse inntektene kom frå sidespela, og hovudsakeleg frå databingo (134,8 millionar kroner).

Bingoentreprenørane har spelt for 3248 lag og foreiningar i 2016. Mange lag og organisasjonar som har inntekt frå bingospel får også inntekt frå Norsk Tippings Belago-terminalar som er utplassert i bingohallar. For 2016 vart det gjennom bingoentreprenørane fordelt 62,8 millionar kroner frå Belago. Pr 31.12.2016 var 1463 Belago-terminalar utplassert i 200 bingohallar. Bingoentreprenørane har rapportert at dei har fordelt inntekt frå Belago til 3063 lag og foreiningar.

Ved utgangen av året stod det databingoterminalar i alle bingohallane, bortsett frå ein, og det var utplassert i overkant av 6000 databingoterminalar. Dette er omtrent uendra frå tidlegare år.

Bingo utan entreprenør

Dei fleste bingoane her er omtalt som foreinings- eller bygdebingoar. I tillegg inngår bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn. Nøkkeltal er henta frå Lotteriregisteret og mottekne bingorekneskap for 2016.

Bingo utan entreprenør – nøkkeltal år 2016 (tal i millionar kroner)

 ForeningsbingoRadio/TV-bingoSum
Brutto omsetning6056116
- gevinstkostnad412869
Netto omsetning =192847
- administrativ kostnad8210
Overskot til formål =112637
Formåla sin del av brutto omsetning18,6 %46 %
Formåla sin del av netto omsetning58,4 %92 %
Gevinstprosent68,2 %50 %

I 2016 vart det gitt 190 løyve til vanleg foreiningsbingo og 64 løyve til radio/TV-bingo.

Brutto omsetning for bingo utan entreprenør var på 116 millionar kroner i 2016, fordelt på høvesvis 60 millionar kroner for foreiningsbingo og 56 millionar for radio/TV-bingo. Dette er uendra samanlikna med 2015.