To typar bingo

  • bingo med entreprenør – der entreprenør står for drifta medan lag og foreiningar får overskotet.
  • bingo utan entreprenør – der lag og foreiningar sjølve står for drifta, inkludert radio/TV-bingo.

Bingo med entreprenør – tal for 2017

Dette er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar.

(For å søke i dokumenta trykk “aktiver redigering”. Deretter vel du “søk etter og merk” som du finn oppe til høgre i dokumentet)

Nedanfor er oversikt basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om 56 bingoentreprenørar som til saman dreiv 236 bingolokale i 2017.

Nøkkeltall 2017MNOK / %
Brutto omsetning (inkl. sidespel) 3737
- minus gevinstar3011
Netto omsetning = 726
Overskot til formål = 175
Formåla sin del av brutto omsetning 4,7 %
Formåla sin del av netto omsetning 24,2 %
Gevinstprosent 80,6 %

Entreprenørbingo omsette for 3,74 milliardar kroner i 2017. Til lag og organisasjonar vart det overført 175,5 millionar kroner eller 4,7 prosent av brutto omsetning. Gevinstdelen er 80,6 prosent og formåla sin del av netto omsetning er 24,2 prosent.

Samanlikna med 2016 er omsetninga redusert. Brutto omsetning i 2016 var 3 835 millionar kroner, og netto omsetning var 756 millionar kroner. I 2017 har dermed formåla fått 6,8 millionar mindre frå bingospel enn i 2016, før vi reknar med inntektene frå Belago-terminalane. Norsk Tippings Belago-terminaler er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til dei same formåla som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. I 2017 fekk formåla 65,3 millionar kroner frå  spel på Belago-terminalar. Det er ein auke på 2,5 millionar kroner frå 2016.

Formåla i entreprenørbingo har dermed samla fått 4,3 millionar kroner mindre enn i 2016, medrekna Belago.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal 2017 (millionar kroner)

Type spel Brutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.- av brutto omsetn.
Hovudspel110881173,2 %29753 *17,9 %
Sidespel - databingo2628219983,7 %42812830 %
Sidespel -papirbingo0,60,464,2 %0,20,0630 %
- sidespel totalt2628219983,7 %429128 *30 %
Totalt - hovudspel og sidespel3736301080,6 %72617524,2 %4,7 %
Belago-terminaler3410314892,3 %26265,324,9 %

* merk at dette er summen før gebyr for bingoløyve er trekt frå

Omsetninga for hovudspel har gått ned frå 2016. Då var brutto omsetning 1 130 millionar kroner og netto omsetning 307 millionar kroner. Også for sidespel har det vore ein liten nedgang sidan 2016, då brutto omsetning for sidespel var på totalt 2 708 millionar kroner, nettoomsetninga var 449 millionar kroner. 80,6 prosent av omsetninga i entreprenørbingo i 2017 gjekk tilbake til spelarane som gevinstar. Høgast gevinstprosent har sidespel med 83,7 prosent.

Lag og foreiningar fekk totalt 175,5 millionar kroner i inntekt frå entreprenørbingo før Belago er rekna med. 73,3 prosent av desse inntektene kom frå sidespela, og hovudsakeleg frå databingo (128,7 millionar kroner).

Bingoentreprenørane har spelt for 3262 lag og foreiningar i 2017. Mange lag og organisasjonar som har inntekt frå bingospel får også inntekt frå Norsk Tippings Belago-terminalar som er utplassert i bingohallar. For 2017 vart det gjennom bingoentreprenørane fordelt 65,3 millionar kroner frå Belago. Pr 31.12.2017 var 1540 Belago-terminalar utplassert i 228 bingohallar. Bingoentreprenørane har rapportert at dei har fordelt inntekt frå Belago til 3031 lag og foreiningar.

Ved utgangen av året stod det databingoterminalar i alle bingohallane, bortsett frå ein, og det var utplassert i overkant av 6000 databingoterminalar. Dette er omtrent uendra frå tidlegare år.

Bingo utan entreprenør

Dei fleste bingoane her er omtalt som foreinings- eller bygdebingoar. I tillegg inngår bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn. Nøkkeltal er henta frå Lotteriregisteret og mottekne bingorekneskap for 2017.

Bingo utan entreprenør – nøkkeltal år 2017 (tal i millionar kroner)

 ForeningsbingoRadio/TV-bingoSum
Brutto omsetning5860118
- gevinstkostnad392867
Netto omsetning =193251
- administrativ kostnad8412
Overskot til formål =112839
Formåla sin del av brutto omsetning19,9 %45,7 %
Formåla sin del av netto omsetning60,7 %86,3 %
Gevinstprosent67,3 %47 %

I 2017 vart det gitt 178 løyve til vanleg foreiningsbingo og 63 løyve til radio/TV-bingo.

Brutto omsetning for bingo utan entreprenør var på 118 millionar kroner i 2017, fordelt på høvesvis 58 millionar kroner for foreiningsbingo og 60 millionar for radio/TV-bingo. Dette er ei lita endring samanlikna med 2016.