To typar bingo

  • bingo med entreprenør – der entreprenør står for drifta medan lag og foreiningar får overskotet.
  • bingo utan entreprenør – der lag og foreiningar sjølve står for drifta, inkludert radio/TV-bingo.

Bingo med entreprenør – tal for 2018

Dette er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar.

(For å søke i dokumenta trykk “aktiver redigering”. Deretter vel du “søk etter og merk” som du finn oppe til høgre i dokumentet)

Nedanfor er oversikt basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om 56 bingoentreprenørar som til saman dreiv 241 bingolokale i 2018.

Nøkkeltall 2018MNOK / %
Brutto omsetning (inkl. sidespel) 3648
- minus gevinstar2951
Netto omsetning = 696
Overskot til formål = 170 *
Formåla sin del av brutto omsetning 4,7 %
Formåla sin del av netto omsetning 24,5 %
Gevinstprosent 80,9 %

* etter at gebyr for bingoløyve er trekt frå

Entreprenørbingo omsette for 3,65 milliardar kroner i 2018. Til lag og organisasjonar vart det overført 170,6 millionar kroner eller 4,7 prosent av brutto omsetning. Gevinstdelen er 80,9 prosent og formåla sin del av netto omsetning er 24,5 prosent.

Samanlikna med 2017 er omsetninga litt mindre. Brutto omsetning i 2017 var 3 737 millionar kroner, og netto omsetning var 726 millionar kroner. I 2018 har dermed formåla fått omlag 4,9 millionar kroner mindre frå bingospel enn i 2017, før vi reknar med inntektene frå Belago-terminalane. Norsk Tippings Belago-terminaler er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til dei same formåla som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. I 2018 fekk formåla 68,6 millionar kroner frå  spel på Belago-terminalar. Det er ein auke på 3,3 millionar kroner frå 2017.

Formåla i entreprenørbingo har dermed samla fått 1,6 millionar kroner mindre enn i 2017, medrekna Belago.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal 2018  (millionar kroner)

Type spel Brutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.- av brutto omsetn.
Hovudspel107179374,1 %27750 *18 %
Sidespel - databingo2576215783,8 %41812530 %
Sidespel -papirbingo0,50,364,8 %0,20,0530 %
- sidespel totalt2576215883,8 %418126 *30 %
Totalt - hovudspel og sidespel3648295180,9 %696170,624,5 %4,7 %
Belago-terminaler3631335692,4 %27468,625 %

* merk at dette er summen før gebyr for bingoløyve er trekt frå

Omsetninga for hovudspel har gått ned frå 2017. Då var brutto omsetning 1 108 millionar kroner og netto omsetning 297 millionar kroner. Også for sidespel har det vore ein liten nedgang sidan 2017, då brutto omsetning for sidespel var på totalt 2 628 millionar kroner, og nettoomsetninga var 429 millionar kroner. 80,9 prosent av omsetninga i entreprenørbingo i 2018 gjekk tilbake til spelarane som gevinstar. Høgast gevinstprosent har sidespel med 83,8 prosent.

Lag og foreiningar fekk totalt 170,6 millionar kroner (merk: dette er summen etter at gebyr for bingoløyve er trekt frå) i inntekt frå entreprenørbingo før Belago er rekna med. Mesteparten av desse inntektene kom frå sidespela, og hovudsakeleg frå databingo med 125,7 millionar kroner.

Bingoentreprenørane har spelt for 3242 lag og foreiningar i 2018. Mange lag og organisasjonar som har inntekt frå bingospel får også inntekt frå Norsk Tippings Belago-terminalar som er utplassert i bingohallar. For 2018 vart det gjennom bingoentreprenørane fordelt 68,6 millionar kroner frå Belago. Pr 31.12.2018 var 1642 Belago-terminalar utplassert i 215 bingohallar. Bingoentreprenørane har rapportert at dei har fordelt inntekt frå Belago til 3200 lag og foreiningar.

Ved utgangen av året stod det databingoterminalar i alle bingohallane, bortsett frå ein, og det var utplassert i overkant av 6000 databingoterminalar. Dette er omtrent uendra frå tidlegare år.

Bingo utan entreprenør

Nøkkeltal år 2018 (tal i millionar kroner)

 ForeningsbingoRadio/TV-bingoSum
Brutto omsetning51,861,4113,2
- gevinstkostnad34,92963.9
Netto omsetning =16,832,449,3
- administrative kostnader6,43,39,8
Overskot til formål =10,42939,4
Formåla sin del av brutto omsetning20,1 %47,3 %
Formåla sin del av netto omsetning61,6 %89,6 %
Gevinstprosent67,447,2

I 2018 vart det gitt 160 løyve til vanleg foreiningsbingo og 63 løyve til radio/TV-bingo.