Bingostatistikk første halvår 2018

Bingo med entreprenør er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokaler, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar. Oversikta her er basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om bingoentreprenørar som til saman dreiv 230 bingolokaler.

Entreprenørbingo omsatte for 2,09 milliardar kroner første halvår 2019. Av dette kom ca. 0,53 milliardar fra hovedsel, og 1,55 milliardar fra sidespel. Omsetninga frå sidespel fordelar seg med 1,55 milliardar frå databingo, og ca. 0,2 millionar frå papirspel.

Til lag og organisasjonar vart det overført 95,4 millionar kroner. Gevinstandelen er 82,1 % og formålet sin del av netto omsetning er 25,5 %.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal første halvår

 

Type spel Brutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Hovudspel:53439473,7 %14025 *18,3 %
Sidespel :1555132184,9 %23470 *30 %
Bingo totalt:2090171582,1 %37495,4 25,5 %
Belago:1724155990,4 %1233730 %

*I denne tabellen er utbetaling til formål frå hovudspel og sidespel oppgitt før fråtrekk av gebyr for bingoløyve. Faktisk utbetalt til formål etter fråtrekk av gebyr for bingoløyve er 90 273 990 kroner.

Det var totalt gitt 233 bingoløyve for første halvår, fordelt på 230 bingohallar. Det er 3202 foreiningar som har fått løyve til å delta på entreprenørbingo for første halvår 2019.

Samanlikna med 2018 er det ei auke i brutto omsetning totalt på 309,5 million kroner.