Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar som skal tilby og motta overskot frå lotteri og pengespel, må vere førehandsgodkjent av Lotteritilsynet.

Omgrepet «ikkje-fortenestebasert organisasjon» er nytt i pengespellova. Kort forklart betyr dette at organisasjonens aktivitet ikkje skal generere forteneste for dei som står bak aktiviteten. I forskrifta § 1 bokstav b, er «ikkje-fortenestebasert organisasjon» definert som organisasjon som ikkje har overskot til formål, og som tilbakefører overskotet til formålet til organisasjonen.

Det er krav både til organisasjonens formål og verksemd, og krav til bruk av overskot frå pengespel.

Kven kan søke førehandsgodkjenning?

Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar kan få løyve til å tilby pengespel dersom dei:

  • er registrert i Frivilligregisteret
  • har frivillig innsats som ein viktig del av verksemda
  • ikkje er tilgjengeleg berre for ein lukka krets
  • ikkje driv verksemd som gir privatøkonomiske fordelar

Kravet om registrering i Frivilligregisteret, gjeld ikkje for kyrkjelydar («menigheter») i Den norske kyrkje.

Overskot frå pengespel skal gå til organisasjonens eigen ikkje-fortenestebaserte verksemd, jf. pengespellova § 19. Overskotet kan ikkje finansiere oppgåver som ved lov er lagt til offentlege organ, verksemd som utførast av eller på vegne av offentlege organ eller kjem det offentleg til gode, eller fritidsaktivitetar for vaksne.

Vilkåra i pengespellova § 19 og pengespelforskrifta § 38 som avgrensar kva overskot frå pengespel kan nyttast til, legg i praksis også føringar på kva organisasjonar som kan tilby pengespel og såleis få førehandsgodkjenning.

Her søker de om å bli førehandsgodkjende.

Førehandsgodkjenning av kringkastarar

Kringkastarar må vere førehandsgodkjente for å få løyve til å tilby bingo i lokalradio eller lokalfjernsyn. Kringkastaren må ha konsesjon etter kringkastingslova til å tilby lokalradio eller lokalfjernsyn. Konsesjonen må på søknadstidspunktet vere tatt i bruk og hatt aktivitet i siste seks månadane.

Her søker de om å bli førehandsgodkjende.

Førehandsgodkjente organisasjonar og kringkastarar skal rapportere rekneskapsopplysningar kvart år

Organisasjonar og kringkastarar må rapportere om endringar som kan påverke godkjenninga, eller andre krav som sikrar at godkjenninga blir handheva på rett grunnlag.

Førehandsgodkjente organisasjonar og kringkastarar skal årleg, innan 1. juni, sende inn rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet. Opplysningane registrerast i Pengespelregisteret, jf. forskrifta § 89 bokstav j.

Dersom endringane gjer at organisasjonen eller kringkastarane ikkje lenger fyller vilkåra for å ha godkjenning, kan Lotteritilsynet kalle tilbake løyve og godkjenning.

Manglande innsending av rekneskapsopplysningar, kan også føre til at løyve og godkjenning blir kalla tilbake.

Bruk av inntekter frå pengespel

Organisasjonen pliktar å bruke lotteriinntektene i samsvar med eigne vedtekter og eventuelle særvilkår som er sett i godkjenninga frå Lotteritilsynet. Kringkastarar må bruke overskot frå bingo til drift av stasjonen som har fått løyve. Overskotet kan ikkje delast ut til eigarar.

Lotteritilsynet tar stikkontroll av korleis inntektene frå pengespel brukast.

Gebyr

Organisasjonar og kringkastarar må betale eit gebyr på 2 000 kroner for førehandsgodkjenning.

Organisasjonar som skal ha løyve i 2025

Godkjenningar gitt til organisasjonar før 1. januar 2023 gjeld ikkje etter 31. desember 2024. Organisasjonar som treng løyve til pengespel for 2025, eller som av andre grunnar treng godkjenning, må derfor søke om ny førehandsgodkjenning etter reglane i lov om pengespel.