Eit smålotteri er eit lotteri med årleg omsetning på inntil 200 000 kroner.
Slike lotteri skal meldast inn til Lotteritilsynet (lenke lenger nede i artikkelen).

Kven kan arrangere smålotteri?

Lokale frivillige lag, og humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar kan arrangere lotteri for å skaffe inntekter til formålet sitt.

Offentlege institusjonar, som skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval kan ikkje halde smålotteri. Russegrupper blir heller ikkje godkjend til å halde smålotteri fordi dei ikkje blir rekna som ein ideell og frivillig organisasjon.

Vilkår for å arrangere smålotteri

Her er ei liste over nokre krav til smålotteri:

  • Innmelding av lotteriet skal skje 14 dagar før loddsalget startar.
  • Samla omsetning på smålotteriet kan ikkje vere over 200 000 kroner pr. kalenderår.
  • Lotteriet må vere basert på tradisjonelle lodd eller loddbøker.
  • Skrapelodd kan ikkje brukast i smålotteri.
  • Gevinstar skal trekkjast på førehand eller i etterkant på ein bestemt dato.
  • Loddsalet skal berre skje i ein periode som er bestemt på førehand.
  • Inntektene frå lotteriet kan ikkje gå til kommersiell verksemd eller privatpersonar.
  • Pengepremiar kan ikkje brukast som gevinst i lotteriet.
  • Gåvekort kan brukast som gevinst så lenge desse berre kan vekslast inn i varer og ikkje direkte i kontantar.
  • Viss loddsalget har starta kan ein ikkje utvide salgsperioden eller omsetningen.
  • Eit nytt lotteri kan ikkje bli starta opp før det gamle er rapportert. Søknad om nytt lotteri må registrerast.

Vi tilrår at gevinstverdien bør utgjere minst 25 prosent av planlagt omsetning.

Registrer smålotteri her.

NB: Ikkje bruk Internet Explorer då skjemaet ikkje fungerer i denne nettlesaren.

Ved avslag

Dersom vi ikkje godkjenner lotteriet vil du få skriftleg vedtak tilsendt innan 14 dagar etter at du søkte.

Rapportere smålotteri

Når lotteriet er avslutta, rapporterer du inn omsetninga innan ein månad etter loddsalet er over. Du rapporterer ved hjelp av smålotterinummeret du fekk ved registrering.

Rapporter avslutning av smålotteri her.

Dersom du ikkje kan bruke løysinga for elektronisk innmelding, kan du laste ned og fylle ut papirversjonen av meldings- og rapportskjema for smålotteri (LT-M/R-010), og sende det som vedlegg til e-post, eller som vanleg post.

 

Har du spørsmål?  Ta kontakt.