Lotteri, basar, bingo og møtelotteri blir no omtalt og definert som «pengespel» etter den nye pengespellova som kom i 2023.

Pengespel med årleg omsetning under 200 000 kroner kan frå 1. januar 2023 bli arrangert utan at de treng å melde frå til Lotteritilsynet. Dette gjeld også bingo med årleg omsetning under 200 000 kroner. Det er dermed heller ikkje behov for å melde inn omsetning i etterkant av pengespelet (lotteriet, basaren, møtelotteriet) så lenge omsetninga under 200 000 kroner årleg.

OBS! Vi får ein del spørsmål om Grasrotandelen til Norsk Tipping blir rekna som del av samla omsetning under 200 000 kroner. Det blir den ikkje, då Grasrotandelen ikkje er eit pengespel som organisasjonen arrangerer.

Vilkår for pengespel (lotteri og basar) med omsetning under 200 000 kroner

  • Pengespel (f.eks basar og bingo) med årleg omsetning under 200 000 kroner årleg, skal vere til inntekt for alle ikkje-fortenesebasert formål, inkludert ikkje-fortenestebaserte formål i utlandet.
  • Omgrepet «ikkje-foretenestebasert» betyr at aktiviteten ikkje skal ha overskot som formål, og at formålet ikkje skal generere forteneste til dei som driv aktiviteten. Overskotet skal i sin heilskap gå til den frivillige aktiviteten.
  • Pengespelet kan ikkje bli tilbydd på nett og digitale plattformer. Dette gjeld ikkje bruk av elektroniske og digitale løysingar for betaling og distribusjon, som for eksempel Vipps og Facebook.
  • Pengespelet (f.eks basaren og lotteriet) må ha eit lokalt eller regionalt omfang.
  • Det er ikkje høve til å nytte medhjelpar (profesjonell aktør som gjennomfører lotteriet).
  • Pengespelet skal ha avgrensa størrelse på premiane og ha låg eller ingen risiko for speleproblem.
  • Den nye lova har ingen krav til kor stor premieverdi lotteriet skal ha, eller kor mange premiar som må vere i lotteriet/basaren.

Unntak frå kravet om ikkje fortenestebasert formål

Pengespel i private forsamlingar kan haldast utan at overskotet går til eit ikkje-fortenestebasert formål jf. pengespelforskrifta § 36. Men då er det andre omsetningsgrenser: