Stiftelsar har ei sentral rolle i å avlaste det offentlege og redusere utanforskap. Det er temaet på vårt eige arrangement i Arendal. I tillegg møter du oss på fleire andre arrangement.

Denne saka er oppdatert tysdag 8. august 2023.

Vi vil vere til stades på fleire arrangement under Arendalsuka 2023. Ta gjerne ein prat med oss. Nedanfor kan du lese om arrangementa vi deltar på.

Desse møter du i Arendal: Oppe frå venstre: Avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet Siw Heggedal Longvastøl, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte Marianne Skjeldestad Hove og konstituert kommunikasjons- og strategidirektør Bjørn Leirdal.
Desse møter du i Arendal: Oppe frå venstre: Avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet Siw Heggedal Longvastøl, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte Marianne Skjeldestad Hove og konstituert kommunikasjons- og strategidirektør Bjørn Leirdal.

Kva treng frivilligheita for å skaffe eigne innntekter?

Mange samfunnsutfordringar kan løysast av frivillige organisasjonar, men organisasjonane er avhengige av pengar for å løyse oppgåvene. Offentleg støtte er ikkje nok. Korleis kan organisasjonane skape sine eigne inntekter, og korleis kan myndigheitene legge best mogleg til rette for det?

Dette er tema på Røde Kors sitt arrangement, tysdag 15. august klokka 17.00. Direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil delta i samtalen.

Korleis unngå svenske tilstandar?

Kva har skjedd i den svenske spelmarknaden etter innføringa av lisensmodell? Actis vil lansere ein heilt ny rapport onsdag 16. august, klokka 09.30, som tar for seg situasjonen i Sverige før og etter innføring av lisensmodellen.

Rapporten tar for seg sentrale tema som omfang av speleavhengigheit, reklametrykk og kanalisering. Direktør Atle Hamar vil kommentere rapporten og utviklinga i Sverige, samanlikna med det som skjer i Noreg.

Stiftelsar har ei sentral rolle i å avlaste det offentlege og redusere utanforskap

Torsdag 17. august klokka 08.00, inviterer Stiftelsestilsynet til arrangementet «Norske stiftelsars verdibidrag og samfunnsnytte – slik bidrar dei til å redusere utanforskap». Dette skjer i Sparebanken Sør sine lokale i Kirkebakken 2 og blir også direktesendt.

Visste du at norske stiftelsar står for over 58 milliardar kroner i årleg verdiskaping? Det viser ei ny undersøking som er gjennomført av Oslo Economics på vegne av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Norske stiftelsar bidrar med velferdstenester, utviklar nye velferdstilbod og avlastar det offentlege. Avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl i Stiftelsestilsynet presenterer hovedfunna frå undersøkinga.

Stiftelsar har også ei sentral rolle i å redusere utanforskap. Mange stiftelsar har nettopp det som formål. På vårt arrangement møter du seniorådgivar Morten Aase i Stiftelsen BUA, Fagansvarleg Anne Hellum Fontenehus Norge, og administrerande direktør Jørn-Henning Theis i Haraldsplass Diakonale Stiftelse. Dei vil snakke om korleis dei bidreg til å redusere utanforskap og avlaste offentlege tenestetilbod. Les om korleis Stiftelsen BUA reduserer økonomiske forskjellar og bidrar til betre folkehelse.

Avslutningsvis blir det panelsamtale, leia av direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Eventplakat av vårt arrangement med bilde av Morten Aase, Siw Heggedal Longvastøl, Atle Hamar, Anne Hellum og Jørn-Henning Theis.
Desse deltar på vårt eige arrangement i Arendal, frå venstre: Morten Aase i BUA, Siw Heggedal Longvastøl i Stiftelsestilsynet, Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Anne Hellum i Fontenehus Norge og Jørn-Henning Theis i Stiftelsen Haraldsplass Diakonale Stiftelse.

Stiftelsanes samfunnsbidrag til det norske samfunnet

Rett etter vårt arrangement vil Stiftelsesforeningen sette søkelys på «Stiftelsane sitt samfunnsbidrag til det norske samfunnet – både allmennytte og kapital». Dette skjer i dei same lokala klokka 09.00-10.00.

I panelet deltar Siw Heggedal Longvastøl saman med Kjersti Løken Stavrum i Stiftelsen Tinius, Karianne Bjellås Gilje i Bergesenstiftelsen og Bjørn O. Øiulfstad i Stiftelsesforeningen. Atle Hamar, leiar samtalen.

Søkelys på innovasjon og digitalisering for frivilligheita

Manglande digitale løysingar er eit hinder for effektiv drift av frivillige organisasjonar og gjer at desse får unødvendig administrasjon. Oppdaterte digitale løysingar er viktig for å kunne drive meir med formål og mindre med administrasjon. Dette set Fundraising Norge søkelys på i lokala til Frelsesarmeen torsdag, klokka 10-11.

Avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte, Marianne Skjeldestad Hove i Lotteritilsynet vil delta i panlesamtalen og snakke om korleis Lotteritilsynet har forenkla for frivillige lag og organisasjonar ved hjelp av digitalisering.

Kontakt oss gjerne

Om du har spørsmål til våre arrangement eller ønsker å invitere oss til andre arrangement, ta kontakt med konstituert kommunikasjons- og strategidirektør Bjørn Leirdal.