Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to underliggjande fagtilsyn med felles direktør og administrasjon. Nær 70 personar er tilsett i organisasjonen.

Les vår strategiplan 2015 – 2020.        Sjå årsrapportar og årsmeldingar.

I Førde

Lotteri- og stiftelsestilsynet ligg i Førde i Sogn og Fjordane, med Kulturdepartementet som overordna fagdepartement. Det er Kulturdepartementet som legg rammene for arbeidet vårt gjennom årlege tildelingsbrev.

Les tildelingsbrev for 2019 (PDF).

Lotteritilsynet

Lotteritilsynet vart oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege spel. Bakgrunnen var eit ønskje frå Stortinget om å få betre kontroll med den veksande marknaden for spel og lotteri i Noreg.

Lotteritilsynet har ansvaret for tilsynet med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, forutan speleansvar og kontroll av marknaden, til dømes av ulovleg marknadsføring, ulovlege pengespel og pyramidar. Kampfiksingseininga høyrer også til avdelinga.

Lotteritilsynet jobbar også med lotteriløyve og rekneskapskontroll, og skal også godkjenne entreprenørar og kontrollere bingosektoren. I tillegg har avdelinga ansvar for fordeling av momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, både den alminnelege ordninga og moms ved bygging av idrettsanlegg. Denne avdelinga  har også ansvar for tilsyn med Grasrotandelen.

Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet vart oppretta 1. januar 2005 og overtok ansvaret som Fylkesmannen tidlegare hadde for stiftelsar. Stiftelsestilsynet har etter stiftelseslova ansvar for tilsyn og kontroll med alle stiftelsar i Noreg. Det same gjeld behandling av søknad frå stiftelsar om registrering og endring. Det er ca. 6700 stiftelsar i Noreg. Stiftelsestilsynet har i tillegg enkelte andre avgrensa ansvarsområde enn for stiftelsar.

Stabsfunksjonar

Kommunikasjonstaben er organisert som stab under direktør. Administrasjonen er organisert som ei eiga avdeling. Til saman støttar desse dei to tilsyna med kommunikasjon, personalpolitikk, økonomi og IKT-løysingar.