Om momskompensasjon idrettsanlegg

Skriv ut Lytt til teksten

Ei ny ordning for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart etablert i 2010. Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Dei som fyller vilkåra kan søkje om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.
Les meir på www.idrettsanlegg.no. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar denne ordninga.

Anlegg med spelemidlar

Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Ordninga omfattar alle som oppfyller vilkåra for å få spelemidlar, bortsett frå kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak. Ein godkjend spelemiddelsøknad er eit vilkår for å søkje om kompensasjon for meirverdiavgift.

Rammer og vilkår

Ordninga er rammestyrt, det betyr at godkjente søkjarar får ein prosentvis lik avkorting dersom dei godkjente søknadsbeløpa er større enn ramma. I 2016 vart det bevilga ca 192 millioner kroner til ordninga, og alle som søkte i 2016 fekk omtrent full kompensasjon (99,8%) av godkjent søknadsbeløp.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars 2017.  Det vart opna for ny søknadsrunde den 15. november 2016.
Dei som ikkje rakk søknadsfristen i 2016, kan søkje om kompensasjon i 2017.

Informasjon om ordninga

Du finn meir informasjon om ordninga på www.idrettsanlegg.no